Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

8. november 2013

VOTTAR FRÅ SKOGEN - mittens from the woods

I dag har eg vore på skogstur med Svante og Doris! Dette er mine to nystrikka vottepar frå den svenske boka "Vantar för alla årstider".  Spesielt Doris lyste frimodig opp i grønt, raudt og gult, takka vere min uhemma bruk av nyansane i det finske garnet Riihivilla -  som er handfarga ved hjelp av sopp og planter. 
Og den djupe rosafargen til Svante kjem faktisk frå lus ...



No har samveret med Doris og Svante gitt meg votte-feber, og eg tenkjer fram mot jul og heimelaga julegåver. Kanskje er vottar ein god idé? 

Men kva mønster og fargar skal eg gi meg i kast med no? Og kva garn er best, spesielt viss eg vil strikke tofarga mønster a la Selbu i tynt garn? 
Og: finst den ultimate votte-boka ...
Eg blir glad for alle votte-verkstad-tips!


"Vantar för alla årstider", utgitt av dei to svenske bloggarane Clara Falk og Kamilla Svanlund, vart ein fin start på hausten for meg, men no er eg altså svolten på meir! Her er forresten Raverly-sida til alle dei 27 oppskriftene i bokaførebels har dei lagt ut fleire foto på Raverly enn på heimesida, ser eg.


SVANTE av Clara Falk
frå boka "Vantar för alla årstider"
garn: Riihivilla "Maahinen"
(er tynnare enn "Aarni")
i fargane "pink" (cochineal) 
og "natural white"
pinnar: 2,5 mm (betre med 2?)
størrelse: dame 
total-vekt: 63 gram
mine endringar: 
*einsfarga ribbestrikk istadenfor mønstra mansjett
*fugl på framsida av tomlane
* andre fargar og anna garn



DORIS av Clara Falk
frå boka "Vantar för alla årstider"
garn: Riihivilla "Aarni" 
(er tjukkare enn "Maahinen")
fargar: grøne, raude og gule nyansar,
sjå detaljar på Raverly-sida mi
pinnar: 2,5 mm
størrelse: dame (men vart store pga tjukkare garn enn i original-oppskrifta)
total-vekt: 93  gram
mine endringar:
* tova vottane lett temmeleg kraftig for å 
få dei mindre
* andre fargar og anna garn


Takk for turen, Svante og Doris!



21 kommentarer:

  1. Så fine votter! Til Selbu- votter i tynt garn er min absolutte favoritt Rauma to-tråds gammelserie. Blir rustikk og flott etter en tids bruk, lett og mykt. Men det er litt begrenset med farger i det garnet, dessverre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Maja: Hjarteleg takk for garn-tipset! Rauma finull strikka eg mykje av før (... også eit par Selbu-vottar faktisk) men "gammelserien" har eg enno ikkje prøvd. Eg lurer på å strikke julevottar i raudt i kvitt/natur, så eg har notert raudfargen 424! Er spent på å sjå den "live".

      Slett
  2. Så flotte votter! jeg likte spesielt Doris, fargene var så fine og passet så godt til mønsteret. Skulle ønske jeg kunne hjelpe deg med vottespørsmål, men jeg er en dårlig vottestrikker med et stort ønske om å bli en skikkelig vottestrikkeentusiast.

    SvarSlett
  3. Så fine votter! Nå ble jeg veldig inspirert til å strikke noe lignende. Helt nydelig!

    SvarSlett
  4. Fine og fargerike votter du har strikket!

    SvarSlett
  5. Flotte vottar. Thuvesstua har "votteboken" tre forskjellige bøker. Rauma har eit hefte med mange fine vottar, sokkar og luer. Det er eit pt hefte nr 82 trur eg. Ellers finn du eit gratis mønster på nettet. Viss du søker på selbuvotter.

    SvarSlett
    Svar
    1. Linda: Hjarteleg takk for tipsa! Votteboken-serien frå Thuve-Stua var ukjende for meg, spennande! Eg ser også at dei har ei bok som heiter "Vinterstrikk" til sals, også med vottar. No har eg rydda i strikkebøkene mine, og eg har det innhaldsrike heftet "Selbustrikk" (LVS-5) frå Rauma, men PT nr 82 har eg ikkje. Eg nøstar vidare på internett ...

      Slett
  6. Herlige votter, nydelige farger. Tror jeg trenger ei ny vottebok.

    SvarSlett
  7. Nydelige votter! Har du lyst til å strikke votter i tynt ullgarn, har jeg et par som trenger prøvestrikk. Mønsteret er klart bortsett fra tommelen....
    http://www.ravelry.com/projects/torirot/--kom-sa-til-leik-og-dans

    SvarSlett
    Svar
    1. Torirot: Ja, eg vil gjerne prøvestrikke leik&dans-vottane dine!
      Eg tar kontakt med deg via Raverly.

      Slett
  8. Svar
    1. Jeg har forresten byttet adresse fra kirstishobbyrom.blogspot.no til lykkeplagg.blogspot.no, ser du har gammel adresse i bloggrulla, lyst til å oppdatere? :)

      Slett
    2. Kirsti: hjarteleg takk, også for hintet :-) Eg har no lagt deg inn i lista mi, "Fine strikkebloggar"! Flyttar deg kanskje til lista "Kreativt & co (meir enn strikk)" sidan du også syr så suverent!

      Slett
  9. Herlige votter - jeg liker strikke med to farger og mer. Min faforit er Doris deilige farger.
    Jeg hadde strikket med boken Colorwork Creations fra Susan Anderson-Freed. Boken har mange
    votter og lua også med fine mønster. Boken er engelsk. Garnet er Jamieson & Smith Spindrift.
    Ha en fin uke videre og hilsen sender deg Viola.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vielen Dank for bok-tipset, Barwitzki! No har eg bladd igjennom boka, og der er det mange fine mønster, ja, spesielt for meg som er så glad i fuglar! Det einaste minuset med boka (synest eg) er at plagga på fotoa ikkje så fint strikka ( f eks Butterfly mittens på side 62). Men mønster-rapportane er ofte store, med mange maskar mellom fargane, så det er vel ikkje så lett å få det jamt og fint.

      PS: Eg lagar ein kopi av dette på bloggen din!

      Slett
  10. Åhh, nyyydelige votter, nesten som sukkertøy! Ble veldig inspirert av de Doris-vottene!

    SvarSlett
  11. Ute/Strickliesel1901: herzlichen Dank!
    Marion T: Også hjarteleg takk til deg! Ja, Doris-vottane gir "mat til fantasien", alt etter kva fargar du brukar. Raudfargen fekk meg til til å tenkje på bringebær (prikkane på mansjetten) og på jordbær (tuppen).

    Clara Falk sjølv skriv dette som undertittel på Doris-oppskrifta:
    "Prickar och knappar kan det aldrig bli för mycket av!".

    SvarSlett
  12. Nydelige votter! (Oppdaget bloggen din via Elle-Melle). Gleder meg til å se mer alt det fine du strikker!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...