31. oktober 2013

FINSK GODTERI - yummy yarn from Finland

Medan ekorna hoppar hektisk rundt i skogen og samlar nøtter, har eg leita fram mine godsaker frå sist vinter: Blodraud kanelslørsopp, gulrandkjuke, krapp og gul reseda. Men dette skal absolutt ikkje etast - men strikkast sjølvsagt! For endeleg er eg i gang med å nøste opp det handfarga Riihivilla-garnet (heimeside) eg bestilte då eg sat inne og fraus ein dag i februar.  

Det er som om heile den nordiske sommaren er fanga inn i desse små, lysande buntane, synest eg! Kvar av dei veg berre 20 gram, er alle litt ulike i nyansane, og luktar deilig av lanolin og frisk luft. For dette er rein, finsk saueull  (altså 100% suomenlampaan villalanka), handfarga av Leena Riihalä (blogg)med sopp og planter funne langs dei finske skogane. 

Og kva med puikkokoko ...? Det vil seie: kva er passande pinne-størrelse? Eg valde 2,5 mm! For no er eg i gang: 


Svensk oppskrift, finsk garn, norsk strikkedame: 
Eg måtte berre prøve ut alle Riihivilla-fargane - på éin gong! 
Oi, det vart kanskje litt for mykje av det gode ...? Om denne votten blir ferdig kjem han i alle fall til å lyse opp i vintermørkret!


PS: Ikkje gløym direktesendinga 
Nasjonal strikkekveld- & natt på NRK2 (nett-tv)
i morgon, fredag 1. november frå kl 20.05,
med oppstart i "Norge rundt" på NRK1 kl 19.40. 
Meir info m.a. her (nrk.no)

9 kommentarer:

  1. Nydelige farger! Hvilken luksus:) Nydelig kofte du har på deg også.

    SvarSlett
  2. dette var skikkelige godsaker:)
    Vottene blir flotte, gleder meg til å se dem ferdig, og vinterstid kan man nesten ikke få for mye farger - det er bare herlig så fortsett du med din fargelek!
    Spennende mønsterbok du har der!

    SvarSlett
  3. Utrolig nydelige farger, det blir en herlig vott. Og den boka ønsker jeg meg til jul :-)

    SvarSlett
  4. Yummi!

    Jeg kjøpte et vottekit fra Riihivilla, og garnet var utrolig deilig i bruk! Og nå fikk jeg INNMARI (så mye at jeg måtte rope med Caps Lock) lyst på plantefarget garn!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, Monstermønster, det er takka vere akkurat DEG at eg oppdaga Riihivilla-garnet, nemleg då eg las om geiterams-vottane dine på bloggen tilbake i 2011.
      Kiitos paljon! (eg trur det skal bety mange takk!) Skulle gjerne sett korleis slike vottar ser ut etter ei stund bruk, vis gjerne fram!

      Slett
  5. Åå, for en deilig bukett med fine farger! Den votteboka ønsker jeg meg til jul - så mange flotte votter:-)

    Og du, den kofta di var bare helt nydelig!

    SvarSlett
    Svar
    1. Til Veronica A og Guro:
      Hjarteleg takk, også for kompliment om kofta! Den har eg arva etter mi kjære mamma. Eg har googla på nettet no, og funne ut at mønsteret heiter "Harstad" og er frå Sandnes Garn.

      Slett
  6. Å ja det er ren godteri - kommer direkte på ønskelista mi!!

    SvarSlett
  7. Wow, sprekt! Litt hønsestrikk over dette? Kult:)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...