Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

2. september 2011

FLYGANDE DESSERT - sweet birdies

Sommaren er i ferd med å vinke farvel  - og planane mine om å strikke lette, finstripete bomullsgensarar til dei små strandløvene mine, er utsett til neste år, trur eg ... Men når dei lyse trådane ligg der og lokkar, med solfylte namn som vanilje, villrose og pistasj, er det umuleg å leggje dei i vinterhi! 


Og det er betre med tre fuglar på fatet enn tre garnnøste i skapet, ikkje sant...? 


Desse flygande vesena vart kanskje litt rare og skeive, i ein fargepalett som er uvanleg sart og søt til å vere meg. Framande fuglar, rett og slett. 

Men spesielt den milde og gylne fargen vanilje vil eg gjerne skal vere med i garnsamlinga mi neste sommar også.  

Eg har ikkje bestemt meg om desse "is-kulene" er trekkfuglar, eller om dei skal få bli verande her i huset. Kanskje har dei mest lyst til å flyge til nokon som ventar på å bli fødd, i ein annan by, i eit anna land?

garn: Pickles Thin Organic Cotton (plantefarga)
50 gram - 90 m 
fargar: pistasj, vanilje og villrose
(eg brukte ca 20 gram av hovudfargen, 
og ca 5 gram av den andre)
... pluss Isager Højlandsgarn, farge "robins egg" til augene
fyll: ullflor
pinnar: 3 mm (normalt 4 mm)





6 kommentarer:

  1. Så herlige! Veldig fine fugler. Det er så mye kjekt å lage - kjempefin blogg du har!

    SvarSlett
  2. Herlige!!! Så gøy!!!

    Forsatt fin lørdag!

    SvarSlett
  3. de var kjempefine! Du har en blogg som inspirerer!

    SvarSlett
  4. Fine!
    Har selv vært nyskjerring på den økologiske bomullen fra Pickles. Hva syns du om kvaliteten?

    Hilsen Line

    SvarSlett
  5. TIL LINE: Eg har ikkje strikka så mykje med Thin Organic Cotton at eg kan kome med ein ekspert-uttalelse (... og garn-ekspert er eg uansett ikkje..:-) men mitt subjektive inntrykk er:

    Eg synest garnet fungerte veldig bra til dei luftige veskene/handlenetta. Og også til "Elisabeths supersøte smekke" eg har laga i rillestrikk (frå boka Myk start, ikkje publisert på bloggen min). Rillene vart veldig fine og jamne. Eg strikka det i fargen "sjøvann" som eg likar veldig godt, har eit fint og nesten gjennomsiktig skin, litt som perlemor.

    Men fuglane, som eg strikka i glattstrikk på tynn pinne, vart temmeleg ujamne som du ser. Garnet protesterte nok på at eg "tvinga" det inn på tynne pinnar! Garnet har eit "håndspunnet utseende" som Pickles skriv, og det er sjarmerande, synest eg.

    Det er forresten litt forvirrande at dette garnet, som heiter THIN Organic Cotton faktisk er TJUKKARE enn Baby Organic Cotton. Dette "baby-garnet", som skal vere jamnare, har eg lyst å prøve til sommarlege barnegenserar. Kanskje neste år!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...