Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

13. februar 2014

HER STRIKKAR EG - my knitting nest at home

Inspirert av Monster-mønster avslører eg i dag mitt vesle strikke-hjørne her heime under skråtaket. 

Ein interiør-bloggar blir eg nok aldri - ikkje minst fordi eg då måtte ha rydda i timevis først! Men når sola skin inn gjennom vindauget, og jule-amaryllisen endeleg slår ut i all si prakt, ser det slett ikkje verst ut akkurat her. 

Denne oransje tosetaren er eigentleg ein vulkan, full av glødande lava (i følgje dei to gutane mine), perfekt til hopping, dinosaur-brøling og putekrig, men når eg er åleine i huset er dette det fredelegaste hjørnet i heile verda. Så her strikkar eg. Og tenkjer glupe tankar.


Kva for utstyr treng eg ved sidan av meg? (Ja, bortsett frå sjokolade, pc og mobil, som er pent flytta vekk ...) Kaffi så klart, dessutan strikkepinne-mappene mine, måleband-sauen min (som er så velbrukt at han dessverre har mista hovudet) og skrivesaker. Pluss gjerne ein fin haug med garn-posar og -korger spreidd rundt omkring på golvet til inspirasjon.

Og kva strikkar eg på akkurat no ...? Eit altfor langt erme? Ei altfor kort, men veldig spesiell strømpebukse til meg sjølv?
Nei, eg kan berre røpe at eg enno ikkje er komen halvvegs. Men følg gjerne med, eg håpar å kunne vise det ferdige strikket i løpet av denne veka  snart! 

1. januar 2014

SNØKVIT OG ROSERAUD - snow white & rose red mittens

*)
Godt nytt strikke-år! Eg er imponert over års-kavalkadane som no ligg ute på mange bloggar! Sidan det er dagen derpå for meg, vel eg berre å vise fram fjorårets innspurt, nemleg denne vesle buketten av strikka roser.

"Roseraud"-vottane (oppe til høgre) rakk akkurat fram som julegåve til ei av systrene mine, medan "Snøkvit"-vottane (oppe til venstre) enno ligg og tørkar etter ein forsiktig nyttårs-vask. Eg har ein mottakar i sikte. Ei uventa januar-gåve må vel vere bra ...? 
Det er kanskje barnsleg og egoistisk, men eg må innrømme at minst halve moroa med å strikke gåver er at eg då har ein grunn til å skaffe meg nytt og spennande garn som eg kan prøve ut!   

"Snøkvit"-vottane er laga av 100 % finsk ull frå Riihivilla, i den nye, tynne garn-kvaliteten Velho. Velho er visstnok er ein slags trollmann på finsk, og han lokka meg altså inn i dei mørke skogane: Raudfargen i Velho kjem frå - hald deg fast - blodraud kanelslørsopp og knuste lus!  

"Roseraud"-vottane derimot, førte meg nesten innom dei herskapelege portane til Downton Abbey, for det mjuke, edle Titus-garnet eg her prøvde for første gong, er spunne i Yorkshire, i ei britisk blanding av 70 % ull og 30 % alpakka. Frå firmaet bak, Baa ram ewe, fekk eg forresten ei overraskande advents-gåve: Då eg bestilte Titus-garnet i juleraudt og kvitt, sendte dei meg like godt også desse søte garn-buntane á 20 gram! (Eg spurde berre etter vanlege garn-prøver for å kunne sjå nokre av dei andre fargane.) Eg kan altså strikke meg minst eitt par vottar til, berre ved hjelp av desse gratis-prøvene! 

Eller kanskje eg skal strikke noko heilt anna ...? Eg er faktisk heilt blank og utan strikkety denne nyttårsdagen. Det einaste offisielle strikke-forsettet eg har for 2014 er å lage minst eitt eige mønster som eg kan dele med omverda. Kva med deg?  

grunn-oppskrift, rosevottar:
av Solveig Larsson (heimesida hennar)
(kjøpt som enkelt-oppskrift, direkte frå Larsson)
mine endringar:
annan mansjett, 
anna mønster på handflata 
og på tommelen

Roseraud-vottane 
(= med raude roser):
(70 % ull, 30 % alpakka) 
fargar: Wesley Bob (juleraud) og White Rose
pinnar: 2,5 mm (betre med 2 mm?) 
størrelse: dame 
total-vekt: ca 45 gram
kjapp vurdering: 
Ikkje det perfekte votte-garnet for meg. For "slapt i fisken", men fint, mjukt og edelt. Passar nok betre til lette sjal med holmønster o.l. 


Snøkvit-vottane (= kvite roser):
(100 % finsk ull)
fargar: nr 30103 (raudt) og nr 31301 (kvitt)
størrelse: dame/ungdom (små)
total-vekt: 46 gram
pinnar: 2 mm (perfekt for meg)
kjapp vurdering: Ja! Dette garnet vil eg strikke fleire vottar av! Garnet er ujamt tvinna, men det ferdige plagget ser fint ut. Eg likar rein ull som dette. Neste gong prøver eg eit mønster med fleire masker, slik at vottane blir større.


*) måleriet i midten (øvst i innlegget) 
er frå eventyret "Snow White and Rose Red",
 illustrert av Jessie Wollcox Smith i boka A Child's Book of Stories (1911)


24. desember 2013

JULA ER STRIKKA INN - merry mittens

Klokkene kling, og eg har nettopp festa dei siste trådane på eit par   fuglevottar, som no skal pakkast inn til ei lita jente på halvtanna år.

I fjor rakk eg berre éi heimelaga julegåve, denne gongen vart det sanneleg meir.

Eg har planar om å blogge litt om desse strikke-sakene i romjula, 
om eg då ikkje drøymer meg heilt bort ...

Ei god jul, fylt av englesong og varme, ynskjer eg alle!



oppdatert med strikke-fakta (januar 2014):
oppskrift: "Liten fuggel" av Jorid Linvik
garn: Riihivilla "Velho"
pinnar: 2 mm
størrelse: 1-2 år (litt store)
total-vekt: 26 gram

13. desember 2013

HJELP FRÅ LUCIA? Knitting help from a Saint?

Adventslyset vårt er allereie nådd meir enn halvvegs, medan eg sjølv har ei laaang liste med uferdige prosjekt før jul ... Dei tynne bambuspinnane er utslitne og skeive  - men eit svensk mønster og herleg garn lokkar meg vidare. 

Skal tru om dette kan trylle seg om til ei julegåve i tide? Viss ikkje, er det freistande å bruke det fine rose-diagrammet som julekort! For det er tanken som tél, er det ikkje ...?

Vel, eg (og du?) får håpe på ekstra hjelp frå Lucia og andre gode krefter no i desember. Ikkje berre til strikking, men til lysare tider for alle i stall og stove. Og kven var Lucia eigentleg ...? Bloggaren Anne på landet (As Almanakk) skriv fint om dette i dag! 

8. desember 2013

BLOMSTRING I DESEMBER - flower mittens

Før helga sat eg væpna med nåler og saks og syntest bittelitt synd på meg sjølv: Eg skulle kjempe mot eit bustete vrangside-troll, nemleg feste eit kaos av maaaaaange tråd-endar. 

To vottar låg framfor meg, strikka med elleve ulike fargar - og eg hadde droppa alle gode råd om innveving eller "spit splicing" undervegs. Sukk. 

Men det varte ikkje lenge før eg måtte le av meg sjølv. For dette var ikkje noko kaos, det var eit herleg fyrverkeri av fargar - det var ein fest! 

Eg hadde vore så heldig å bli invitert som test-strikkar av torirot, no var eg på oppløpssida, saksa klipte av den aller siste tråd-halen, og eg kunne endeleg snu rettsida til. Og der falda Blomekrans-vottane seg ut i all si prakt! 



Denne test-strikkinga av mønsteret "Blomekrans" har verkeleg gitt meg ny næring og fargeglede, no midt i vinter-mørkret. Desse vottane lyser opp på frukostbordet like mykje som dei to adventslysa mine i dag!

Alt garnet er frå "my stash" som det så fint heiter, og no har eg lyst til å grave endå djupare i lageret, for å skape fleire farge-gleder. Hjarteleg takk, torirot! 

oppskrift & fakta:
(lenke til Raverly)
garn: 
botnfarge: Isager Highland, farge "Ivory"
... pluss 10 ulike mønster-fargar frå diverse reste-garn: 
sjå detaljar på prosjektsida mi på Raverly
pinnar: 3 mm (2,5 mm truleg betre )
størrelse: medium 
total-vekt: 41 gram


Takk for farge-festen! Skål! 


22. november 2013

VILL ELLER SNILL? - sheep-eating mittens


Jacha-chacha-chacha-chow! Eg klarte ikkje å la vere. Akkurat som Ylvis måtte eg lage nokre revestrekar ég også  - og resultatet ser de her: To par sjølvkomponerte vottar med villdyr på. 

Dette er bokstaveleg tala "ulv i fåreklær", for garnet til begge votte-para kjem frå snille (?) finske sauer. Nok ein gong har eg nemleg dukka ned i det herlege (... og stadig minkande ...) lageret mitt med plantefarga Riihivilla-garn 

Damevottane "Revar og rognebær" har dei rust-oransje nyansane sine frå blodraud kanelslørsopp og krapp, medan botnfargen kjem frå ufarga ull. På barnevottane "Ulvar i mosen" snudde eg om på fargane, slik at dei raude revane altså vart omskapte til gråbeinar! 

Eg har bevisst stilisert og forenkla, så på avstand ser det heile meir ut som abstrakte grafiske mønster, enn som glefsande rovdyr. 


Men uff, eg får nesten dårleg samvit! Tenk om dei stakkars sauene hadde visst at eg brukar den fine ulla til å lage portrett av deira verste fiendar! Men eg trur ikkje desse vottane skremmer verken Raudhette eller nokon annan i skog og by. 

Nei, revane og ulvane mine ser ikkje særleg skumle ut, heller som små kattungar. Men mjuke og varme er dei, akkurat som vottar skal vere.  
Wa-pa-pa-pa-pa-pa-pow! Kulda kan kome!



fakta, barne-vottane
"Ulvar i mosen"
med mønsteret frå reve-vottane mine 
... og elles barnevott-oppskrifta
størrelse: ca 4-6 år
garn: Riihivilla Aarni
fargar: restegarn frå reve-vottane mine, 
men omvendt farge-bruk
pinnar: 2,5 mm
total-vekt:  35 gram
revevottane "Revar og rognebær"/
Foxy mittens ("Foxes and rowan berries")

Sjå også: Prosjektside på Raverly/
Project page, Raverly

(oppdatering februar 2015: oppskrifta er fjerna herifrå bloggen,
og lagt til sal på Raverly for ein symbolsk sum på 5 NOK. Desse revevottane vart utgangspunktet for oppskrifta "Reveenka", som er publisert i e-boka "Votter fra eventyrskogen")

garn/yarn: Riihivilla Aarni
fargar/shades
botnfarge: "natural beige" (ca 47 gram)
mønsterfargar: 
tre ulike oransje- og rust-nyansar/three different selections of orange and red/rusty


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...