Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

Viser innlegg sorter etter datoen for søket stjerneklart. Sorter etter relevans Vis alle innlegg
Viser innlegg sorter etter datoen for søket stjerneklart. Sorter etter relevans Vis alle innlegg

5. juli 2011

STJERNEKLART - a star is born

Ei juni-jente er komen til verda, og eg helsar ho velkomen med 15 gram silke i stjerneform. Endeleg kunne eg gripe fatt i den sartrosa bunten frå lageret mitt, og lage ei jente-hue. 


Eg har som ritual å vente med målretta baby-strikking til fødselsmeldinga kjem, men då set eg i gang, inspirert av dei gode nyheitene!


Denne silkehua kan vonlegvis både vere vakker og verne det vesle hovudet på varme sommardagar. Neste gong har eg lyst til å prøve denne oppskrifta med eit garn med meir spenst i, f eks silkeull. 


oppskrift: 
garn: rein silke, 220 m - 50 gr 
farge: nr 113 (= lysaste rosa)
pinnenr: 2,5 mm

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...