Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

7. november 2014

VOTT OG SINGELLIV - single mittens

Finst det ei moralsk lov som seier at vottar passar best som par? I tilfelle er eg ein notorisk lovbrytar. Eg går skamlaust rundt i byen med umake vottar, og no er dette syndige livet faktisk i ferd med å bli ein vane - som eg likar!

Kva med deg? Har du mange single vottar i skapet? 

Eg unnskyldar meg med at eg er ein del av "Eventyrlige votter"-teamet, der vi har teststrikka og eksperimentert både dag og natt. Då er pliktstrikk av vott nr 2 den store bøygen, for det er så moro å berre leike vidare, med andre fargar og nye garnsortar! 


Difor må eg innrømme at barnevottane "Bukkene Bruse", som eg teststrikka for Knitnetty/Wenche Roald, enno ikkje har fått matchande partnerar. Men eg var smart nok til å strikke éin høgrevott, og éin venstrevott, difor kan dei faktisk brukast allereie no, med hopp og sprett! 

Og dette er også mitt beste vottestrikk-tips: Gidd du ikkje å strikke ein maken vott med det same, så strikk i alle fall den neste for motsett hand! Vips, så har du eit vottepar klart når vinteren kjem.
Og Nøkken i blå lamull ser faktisk temmeleg fornøgd ut, sjølv om partneren er blodraud og full av hårete alpakka? 

Desse barnevottane teststrikka eg for Monstermønster/Merete Jansvik Toft, og å kunne spreie lusa fritt og uhemma som her, var herleg frigjerande! Slik blir faktisk ingen Nøkken-vott lik dei andre, uansett.
Og kva med desse tre single Reveenka-vottane i Tumi? Får dei nokon gong møte tvillingsjelene si, skal tru ...? PS: På prosjektsida til Reveenka på Raverly står fleire fakta om desse tre nye variantane mine.


Oppdatert 18. november: Det kan faktisk også lønne seg å strikke single vottar! Vi i Vottelauget delte impulsivt ut singelvott-prisen som ein av ekstrapremiane i den eventyrlege konkurransen vår, berre sjå her. (Og, ja - eg var med i juryen :-) Og her er blogginnlegget til Babben/Barbro, som vann denne prisen med ein vakker og lilla "Eventyrblomster"-vott!



10 kommentarer:

  1. ;-D Et innnlegg til å bli i godt høsthumør av - til tross for grått novembervær!

    SvarSlett
  2. Fantastisk veske!!!
    Og knallfine votter :)

    SvarSlett
  3. Ha ha ha ha ha! Dagens beste! Eg skal konsekvent strikke ulike vottar frå no av!

    SvarSlett
  4. Ja, hvorfor må vottene være like? Moro! Veska på første bilde var helt super!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hjarteleg takk for fine ord til alle her! Det finst ikkje grått novemberver, så lenge ein har gode og fargerike vottar, ikkje sant? Og til Frk. Chilli og Strikkepause som kommenterer veska: Ja, er ikkje den stilig? Ei god venninne har designa og sydd den til meg, og eg trur det berre finst tre eksemplar av akkurat denne i heile verda. Danke, Anna!

      Slett
  5. Helt herlig! Vi får starte en singel-vott bølge :-) miks og match som du vil!
    Med alle de fine vottemønstrene dere nå har samlet i Vottelauget er jo kombinasjonsmulighetene mange!

    SvarSlett
  6. Er det en oppskrift å få kjøpt. De var fantastiske

    SvarSlett
  7. Er det en oppskrift å få kjøpt. De var fantastiske

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...