Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

22. mars 2011

PAKKE FRÅ AMERIKA - I've got mail!

Eg har gått og nynna på Solveigs Sang dei siste vekene, og det skulle jammen gå nesten både vinter og vår før denne etter-lengta pakken dukka opp - i dag!


For første gong har eg nemleg bestilt garn frå USA (... slik er det når ein surfar seg svolten på nettet...), men ventetida tok nesten to månader. Eg var i ferd med å forsone meg med at ein toll-inspektør no sat lukkeleg i lunsjpausen sin, stadig strikkande på mitt dyrebare garn. Men i dag vart altså godteposten likevel min! 


Planen er å teste ut desse to garntypane frå firmaet The Fibre Company, før eg eventuelt bestiller meir: Av "Organik" (økologisk merinoull, babyalpakka og silke) drøymer eg om å lage Kerrera for Kids-jakka av Gudrun Johnston, og av det litt tynnare garnet "Road to China Light" (babyalpakka, silke, kamel og kasjmir) lurer eg på Sabbatical-jakka av Connie Chang Chinchio til meg sjølv. Men først skal eg berre leggje dei herlege buntane i fruktskåla, og beundre synet - og vente, vente litt til...



6 kommentarer:

  1. Å, garn i posten er veldig kjekt!! :)
    Gledar meg til å høyra koss garnet er å strikka i.... Bestilte du direkte frå The Fibre Company?

    Og den babyjakken var veldig fin!! :) Kanskje den må på lista mi.... hihi

    SvarSlett
  2. Åh, lekkert garn og finfin blogg :)

    SvarSlett
  3. Så moro med to ulike Synnøve-r i kommentatorboksen! Til NøøMade-Synnøve: Eg trur ikkje det går an å bestille garn direkte frå The Fibre Company. Distributøren heiter Kelbourne Woolens, og etter tips frå KW bestilte eg frå www.angelfirestudios.com (som då - i januar - hadde eit tilbod om fri frakt).

    Eg bør vel nemne at eg akkurat no oppheld meg i eit EU-land, og eg veit ikkje korleis import av garn USA-Norge fungerer. Nokon som har god/dårleg erfaring...? Vil eg gjerne vite! Den hyggelege dama hos Angelfirestudios sendte pakken min kjapt avgarde, men han stoppa altså opp ein eller annan stad undervegs.

    SvarSlett
  4. He he he......strikkende toll-inspektør, jeg venter på noe stoff så nå er det mulig inspektøren syr litt ;0

    SvarSlett
  5. En award er gitt deg på bloggen min (snart!) :)

    SvarSlett
  6. Så mye flott det var her i bloggen din! Jeg har kosa meg med bilder og tekst :)
    Har lagt meg til som følger - nå skal jeg følge med!

    Ha en fin kveld!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...