Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

31. mai 2015

HALVVEGS TIL SHETLAND - My first Baa-ble hats

Det er så godt når folk deler! Plutseleg har eg fått ein haug med stilige sauer i huset, takka vere Donna Smith på Shetland. 

Gratis-mønsteret hennar, "Baa-ble hat" (for Shetland Wool Week) har poppa opp i ulike variantar på nettet dei siste vekene, og sjølvsagt måtte eg og Silkesauen også vere med på dansen: 

"Sauer på vårbeite" og "Sauer i solnedgang" vart resultatet, og eg har allereie planar om éi hue til. Toppen på den raude vart nemleg litt for mykje jordbær, og litt for lite solnedgang etter min smak ...

Eg har aldri vore på Shetland, men no kjenner eg at eg har kome eit lite hopp nærare. Kanskje skal eg lage eit Baa-ble-skjerf også ...?

Fleire detaljar om huene finn du på Raverly-sida mi.
Dei søte 25 grams nøsta i shetlandsk saueull er perfekte til slike små prosjekt 
(... pluss at eg sneik inn litt Finull frå Rauma i sjølve sauemønsteret). 

7. april 2015

OG PÅSKA VARER HEILT TIL SOMMARDAGEN

Snøen har regna vekk, men enno er det godteri i påskeegget, og harane ynglar som berre det! 

Alt eg rakk å strikke denne påska var nemleg barnevottane "Harehopp", det vil seie ein nylaga variant av Reveenka-mønsteret mitt. Rovdyra måtte altså bli igjen i skogen denne gongen, for at harane kunne hoppe fritt omkring på strikketyet.

Og du veit vel at du kan feire påske ei lita veke til ...? Den ortodokse påska er nemleg éi veke seinare enn den norske i år. Og ikkje minst: Påskevottstrikk-konkurransen i regi av oss i Vottelauget har frist heilt til 14. april, altså samtidig med den første sommardagen! Har du ein primstav i huset, er dette den magiske datoen då du kan snu primstaven frå vinterside til sommarside. 

Har du lyst til å bli med på innspurten? 
Les meir om påskevottstrikk-konkurransen på fellesbloggen til Vottelauget. Og her på Facebook-sida til Torirot kan du sjå foto og kome med heia-rop etter kvart som bidraga tikkar inn!
Årets påskestrikk for meg:
Barnevottane "Harehopp",
etter mi eiga oppskrifta
"Haren og reven".
Garn: Pickles Pure Wool.
Fleire strikkefakta finn du på prosjektsida "Harehopp" på Raverly.
 

2. februar 2015

SKOGFEENS SKJERF - Scarf for big & small fairies

Verken snøstorm eller ørkensand kan vel stoppe meg! For no har eg strikka meg verdas mjukaste og finaste (... og lengste?) sjal - som faktisk også kan tryllast om til ein turban. I alle fall for 7-åringen min, som gjerne tok rolla som tuareg i dag.

Det fine mønsteret er henta frå vottane "Skogfeens hage" av Tori Seierstad, og dei same blomstrane er også å finne på genseren hennar "Tuin", som betyr hage på nederlandsk. 

Symbolsk nok starta eg på dette skjerfet nyttårsaftan, med den mørkeblå garnfargen kalla "Nattehimmel", og gjekk vidare med mønsterfargen "Edelweiss" i januar. No har eg lyst på å strikke vottane også så klart, og rotar rundt i garnkorgene på leiting etter ei ny og fin eventyrblanding! 
Strikke-fakta: 
Skogfeens skjerf
av Frida Engeset
etter votteoppskrifta "Skogfeens hage" av Tori Seierstad,
frå e-boka "Flere votter fra eventyrskogen".
Garn: "Cheeky Merino Joy" frå Rosy Green Wool 
(økologisk farga merinoull)
Fleire detaljar på prosjektsida mi på Raverly.

16. desember 2014

EIN SKATT TIL DEG I SKOGEN? - treasures in the fairy forest?

 Så reiste dei i lang tid og gjennom mange land, og kongsdottera visste slett ikkje kvar det bar av, men langt  om lenge kom dei til ein gullskog. Han var så gild at gullet draup av han, og tre og greiner og blomar og blad var av berre gull. (frå eventyret Kari Trestakk)

Her som eg skal feire jul i år, er det ikkje eit einaste snøfnugg i sikte. Men trøysta er då at nokre av trea enno viser seg i fine, gylne haustfargar.

Dei to nyaste vottemønstera mine er ei helsing til magiske vekster: Grantreet (etter historia til H. C. Andersen) og Eventyrlauv, som begge er med den nye e-boka "Flere votter fra eventyrskogen".


Oppdatert 21. des: På fellesbloggen til Vottelauget kan du sjå fleire foto, og lese meir om Eventyrlauv-mønsteret

Der står det også kven som fekk det ferdigstrikka Eventyrlauv-paret, pluss to andre vottar som eg gav vekk i førjulsgåve.





14. desember 2014

FRISLEPP AV REV - Mrs Fox and her mitten family

Det er så moro å sjå dei ulike variantane av mønsteret mitt Reveenka - som dukkar opp både på Raverly, på bloggar og i e-postkassa mi, og her har eg laga ein virtuell adventskrans med nokre av dei (med originalane mine midt i). Hjarteleg takk til alle for lån av foto!

Samtidig kan eg røpe at vi i Vottelauget rugar på ei heilt ny e-bok, "Flere votter fra eventyrskogen", og går alt etter planen, publiserer vi denne allereie no på tysdag 16. desember. Har du lyst til å vinne eit eksemplar, kan du gå inn på fellesbloggen vår og kommentere - der ser du også eitt av dei to nye vottemønstera mine, og kan gjette på eventyr!

8. desember 2014

MOLTER & MISTELTEIN cloudberry & misteltoe-mittens

No er eg klar for julekvelden - nesten! Med desse nystrikka vottane har eg både molter (som er min favorittdessert i jula), og misteltein.

Eg har nemleg leika meg med eigne fargar med utgangspunkt i Blåbærskogen av Wenche Roald. Endeleg fekk eg også tid til å prøve meg på dette fine mønsteret, lenge etter vi i  Vottelauget fekk sjå det første utkastet i sommar.

Oppskrifta står i e-boka vår "Votter fra eventyrskogen", og no i helga publiserte vi også den engelske versjonen (eit lite julegåvetips her, ja!) - og der heiter mønsteret Blueberry land. 

Og no har eg fått smaken på endå fleire moltevottar! Men eg er på jakt etter "den ultimate moltefargen". Har nokon eit godt tips ...? "Okergult" i Ask Hifa er ein fin farge, men er  litt for lys og solskinnsgul til å vere molte, synest eg. Eg har funne eit lite, knalloransje nøste med mohairgarn frå Pickles/Telespinn - kanskje blir dette ein del av neste moltevott? Eller kanskje soppfarga finsk sauegarn frå Riihivilla kan vere noko?

Strikkefakta, Moltevott & Mistelteinvott:
etter oppskrifta: "Blåbærskogen" av Wenche Roald (Raverly)
garn: Ask/Hifa 2
pinnar, Moltevott: 3 mm
pinnar, Mistelteinvott: 3,5 mm
størrelse: Dame medium
fleire detaljar: 

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...