Eg har nemleg leika meg med eigne fargar med utgangspunkt i Blåbærskogen av Wenche Roald. Endeleg fekk eg også tid til å prøve meg på dette fine mønsteret, lenge etter vi i Vottelauget fekk sjå det første utkastet i sommar.
Oppskrifta står i e-boka vår "Votter fra eventyrskogen", og no i helga publiserte vi også den engelske versjonen (eit lite julegåvetips her, ja!) - og der heiter mønsteret Blueberry land.
Og no har eg fått smaken på endå fleire moltevottar! Men eg er på jakt etter "den ultimate moltefargen". Har nokon eit godt tips ...? "Okergult" i Ask Hifa er ein fin farge, men er litt for lys og solskinnsgul til å vere molte, synest eg. Eg har funne eit lite, knalloransje nøste med mohairgarn frå Pickles/Telespinn - kanskje blir dette ein del av neste moltevott? Eller kanskje soppfarga finsk sauegarn frå Riihivilla kan vere noko?
Strikkefakta, Moltevott & Mistelteinvott:
etter oppskrifta: "Blåbærskogen" av Wenche Roald (Raverly)
garn: Ask/Hifa 2
pinnar, Moltevott: 3 mm
pinnar, Mistelteinvott: 3,5 mm
størrelse: Dame medium
fleire detaljar:
Den der moltevotten må eg jammen prøve, den vart akutt fin!!! :-)
SvarSlettDu er så flink til å sette saman fargar!
SvarSlettVakre! Og moro at du fortsetter med søskenlike votter.
SvarSlettBeautiful mittens!
SvarSlettHave a lovely Christmas time! :)
Så flotte farger du bruker!
SvarSlettNydelige farger du har brukt i moltevottene. Fikk lyst å strikke dem!
SvarSlett