Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

Viser innlegg med etiketten konkurranse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konkurranse. Vis alle innlegg

6. mars 2016

Å STRIKKE EIT EVENTYREGG


"Det har jag aldrig provat förut, så det klarar jag säkert!" sa Pippi. 
Vel, eg hadde aldri strikka ein eggevarmar før, så då eg foreslo for dei andre i Vottelauget at vi kunne ha noko slikt som tema for mars, måtte eg sjølvsagt prøve ut om dette var liv laga. Her er resultatet!
Og det viser seg: Kan du strikke vottar, kan du også strikke eggevarmarar. Eller #eventyregg, som vi har døypt aksjonen vår. Og har du ikkje strikka vottar enno, kan eit eventyregg vere ein fin og lett inngang. Her treng du verken å streve med ein brysam tommel, eller bekymre deg for at lange trådsprang på innsida fører til at fingrar hektar seg fast. 

Mansjetten kan du også droppe. Eller kanskje kan nettopp mansjett-mønsteret bli til eit stilig eggevarmar?
På bloggen til Vottelauget kan du lese meir om aksjonen #eventyregg - og om reglane som gjeld om du vil delta i konkurransen med frist 31. mars. 
Slik strikka eg mine eventyregg:
Mine notatar er slett ingen fasit, men kan vonlegvis gi inspirasjon og praktiske tips - og kanskje har du endå lurare løysingar som du kan dele med oss?

Eg tok utgangspunkt i eit vanleg norsk hønseegg, men har du vaktlar eller ein struts i hagen må du sjølvsagt tilpasse størrelsen deretter ... 


:: Tommelise :: 
Det lettaste for meg var å starte med mitt eige design, nemleg babyvottane Tommelise. Det ferdige paret (blå) som er str. 3-6 mnd. viste seg å vere litt for smale til frukostegget mitt. 
Dermed la eg opp 2 ekstra kantmasker i gult på kvar side, for å få "eggevotten" litt breiare. Altså 40 m (istadenfor 36 m).

Bølgjemansjetten i starten droppa eg. Eg strikka istaden 3 riller i grønt (*1 omg vrangt, 1 omg rett* x 3) før eg starta på diagrammet. Eg følgde same felling som i oppskrifta, altså spiss felling a la Selbu. Til slutt pynta eg litt ekstra ved å brodere maskesting i rosa og grønt.

Garn: Rauma Finull
Pinnar: 3 mm
Strikkefastheit: 26 m/10 cm
Størrelse: breidde ca 7,5 cm (omkrets 15 cm) og høgde 10 cm


:: Reveenka/Harehopp ::
No visste eg at 40 m passa fint med mi strikkefastheit i Finull.
Eg fann fram diagrammet til Reveenka, og merka av hare-motivet, som går over 8 masker. 8 x 5 = 40 m. Først laga eg ein kort vrangbord over 5 omg, med *2 rette, 2 vrange".  Så var det harane sin tur. Desse har eg også prøvd ut på barnevottane "Harehopp". På eventyregget tok eg rundfelling, altså 1. omg. *3 m rett, 2 sm*. 2. omg: rett. 3. omg. *2 m rett, 2 sm" osv ... til eg hadde 8 m igjen.

Garn: Rauma Finull 
Pinnar: 2,5 mm (altså litt tynnare enn på Tommelise)
Strikkefastheit: 28 m/10 cm 
Størrelse: breidde ca 7 cm (omkrets 14,5 cm) og høgde 9 cm


:: Nordstjerna ::
No fekk eg lyst til å prøve ut mykje tjukkare garn, og fann fram to nøste med restegarn i Peer Gynt. Dette viste seg å passe perfekt til tommel-diagrammet på den vakre Nordstjerna av Wenche Roald. 

Tommel-diagrammet på 28 m + 1 ekstra kantmaske i kvar side = 30 m. 

Eg starta med ein kort mansjett, *1 rett, 1 vrang" over 3 omg. Deretter følgde eg diagrammet for tommel, og felte også på same måte som i oppskrifta. 

Garn: Peer Gynt frå Sandnes
Pinnar: 4 mm
Strikkefastheit: 22 cm/10 cm
Størrelse: breidde 7 cm (14 cm omkrets) og høgde 12 cm, altså temmeleg lang)

Neste gong vil eg nok ta to fargar med meir kontrast, slik at mønsteret kjem tydelegare fram. Og truleg ta 32 m (istadenfor 30 m).

:: Nøkken ::
Dei raude Nøkken-vottane har vore den store favoritten til 8-åringen min i vinter, og dei stirande augene måtte også få plass på eit eventyregg. Originaloppskrifta til Nøkken er Merete Jansvik Toft meister for. 

Eg la opp 40 m. Nøkken fekk påskegule tenner og grønskete skinn ved hjelp av fleirfarga vrangbord (som i oppskrifta på Grantreet), dvs *2 rette i gult, 2 vrange i grønt*. Auge-diagrammet plasserte eg med 3 masker avstand. Rundfelling som hos Judiths eggeluer. Og hårtustane drog eg gjennom ved hjelp av ei heklekrok.   

Garn: Cheeky Merino Joy frå Rosy Green Wool (her handfarga av Ninapetrina og Dandelion Yarns). 
Pinnar: 2,5 mm
Strikkefastheit: 30 m/10 cm
Størrelse: breidde 6,5 cm (omkrets 13 cm) og høgde 9 cm. 




Desse heimestrikka eventyregga veg mellom 6-11 gram, altså perfekte prosjekt for restegarn. No er eg spent på å sjå kva for eventyregg andre klekkjer ut i vekene framover! Lukke til!





10. november 2015

GYLLEN FLYGETUR - frå bygda til catwalken

Foto: Anne Sofie Fodstad (copyright)

Tenk at ulltrådar kan få venger - og flyge både i tid og rom!

Gullfuglen-vottane mine kom ut av "egget" på eit excel-skjema i fjor vinter, og etter mykje finpussing og teststrikking landa oppskrifta hos Aschehoug Forlag. 

Eit eksemplar av boka vår Eventyrvotter fann også vegen til ei makelaus kvinne eg ikkje hadde møtt før, nemleg Kristin Elise Halkjelsvik
i Fredrikstad.

Ho ville gjerne gjere Gullfuglen flygedyktig for catwalken, og utstyrte vottane med herlege paljettar og brusande fjør. Dette vart opningsantrekket under visninga hennar i Oslo 31. oktober.


Foto: Anne Mari Akslen i sjølvstrikka genser (copyright)
Og overdelen vart ein eventyrleg match: Ein genser frå 50-talet, som Kristin Elise hadde oppdaga hengande på ein knagg i eit gammalt hus i Ørsta. Det er heimbygda mi, det! 

Det viser seg at denne genseren vart strikka av den unge kvinna Anne Mari (f. 1941), medan ho gjette sauer under bratte, sunnmørske fjell. Og då genseren var ferdig, var ho vakkert styla for skitur! 

Sjå berre på dette fine vinterfotoet av Ann Mari, som eg har fått låne av dottera Marita Bett Aakre. Marita driv no Bakketunet på Bjørke i Ørsta, der Kristin Elise fann genseren då ho hadde utstilling der for fleire år sidan. Marita kan fortelje at namna på dei europeiske byane vart brodert på seinare av den same Ann Mari, men då torde ho heller ikkje å bruke genseren sin meir ..
.


Men omtrent seksti år seinare møtte altså desse gamle trådane min Gullfugl anno 2015, begge plagga i gult og brunt og med speglande, runde former. Og rykta fortel at det blir fleire flygeturar (les: visningar) av dette paret i framtida.

Vinn garn til Gullfuglen: Inspirert av alle dei flygande trådane i denne historia, vil eg no dele ut tre nøste av originalgarnet som eg brukte då eg laga Gullfuglen til boka, nemleg Shetland Soft frå Malsen og Mor (sjå fotoet over), med fargenamna "Kaffe" og "Solskinn". Det er ikkje mange gram som trengst til desse fjørlette vottane, så den som vinn, får også mykje til overs til andre prosjekt. 

Har du lyst å vere med i trekninga, kan du leggje igjen éin kommentar under innlegget her. Skriv også gjerne kva du strikkar/planlegg akkurat no. Fristen er: laurdag 14. november ved midnatt (dvs før søndagen startar). 


OPPDATERING (15. nov): Gratulerer, Siri! Trekninga viser at det er du som får Gullfugl-garnpakken frå meg. Du skreiv: "Fiiiine, fiiiiine vottene!! Akkurat nå strikkes det en restegarn genser til ei lita frøkenstrøken :)Dei tre nøsta kjem flygande til deg så snart eg får postadressa di. E-posten min er frida.fielding(AT)yahoo.com


Foto: Hilde Lorentzen (copyright). Modell: Hedda
kan du sjå og lese meir om visninga i Oslo 31, oktober (innlegg 7. nov.)
Eit portrett av henne og firmaet Makeløs kan du lese her, 
hos Tusenideer.no. På same nettside står også ein stor reportasje om handarbeidstreffet som visninga var ein del av. 
Foto & styling av Gullfuglen: Kristin Elise Halkjelsvik



7. april 2015

OG PÅSKA VARER HEILT TIL SOMMARDAGEN

Snøen har regna vekk, men enno er det godteri i påskeegget, og harane ynglar som berre det! 

Alt eg rakk å strikke denne påska var nemleg barnevottane "Harehopp", det vil seie ein nylaga variant av Reveenka-mønsteret mitt. Rovdyra måtte altså bli igjen i skogen denne gongen, for at harane kunne hoppe fritt omkring på strikketyet.

Og du veit vel at du kan feire påske ei lita veke til ...? Den ortodokse påska er nemleg éi veke seinare enn den norske i år. Og ikkje minst: Påskevottstrikk-konkurransen i regi av oss i Vottelauget har frist heilt til 14. april, altså samtidig med den første sommardagen! Har du ein primstav i huset, er dette den magiske datoen då du kan snu primstaven frå vinterside til sommarside. 

Har du lyst til å bli med på innspurten? 
Les meir om påskevottstrikk-konkurransen på fellesbloggen til Vottelauget. Og her på Facebook-sida til Torirot kan du sjå foto og kome med heia-rop etter kvart som bidraga tikkar inn!
Årets påskestrikk for meg:
Barnevottane "Harehopp",
etter mi eiga oppskrifta
"Haren og reven".
Garn: Pickles Pure Wool.
Fleire strikkefakta finn du på prosjektsida "Harehopp" på Raverly.
 

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...