Bloggaren strikka og strikka på den rosenraude gåva, og garnnøstet vart mindre og mindre, heilt til det forsvann. Men kjolen var enno ikkje ferdig ...
Bloggaren raudna i kapp med den herlege fargen. For inne i den vesle eventyrverda hadde ho gløymt at det var noko som heitte prøvelapp og måle-stokk. Bortanfor sol og bakanfor måne trilla så eit heilt anna garnnøste fram - og dermed vart Rose-kjolen endeleg ferdig!
Men ikkje passar Rosenraud til 2-åringen. Nei, slett ikkje, berre som rikeleg stor dyne, kanskje ... Men jenter veks, og heile verda er full av jenter - og snart er det jul - så det blir vel ei råd skal du sjå, tenkjer den raudkinna bloggaren. Og snipp, snapp snute, snart bankar nok nissen på ei anna rute.
oppskrift:
"Rose" av Helga Isager (ja, dottera til Marianne Isager)
frå heftet "Amimono. Knit collection 2010"
- og finst visst også som kit på amimono.dk -
garn:
Nøstebarn 2-tråds merinoull, farge 22 "rød"
(oppdatering 23. nov: denne fargen er utgått no, seier Nøstebarn, nr 21 "bringebærrød" er alternativet)
(oppdatering 23. nov: denne fargen er utgått no, seier Nøstebarn, nr 21 "bringebærrød" er alternativet)
... dobla med Isager Alpaca 1 (100 % alpakka), farge nr 25
Dei siste omgangane oppe på berestykket med Isager Alpaca 2 (åleine) (50 % alpakka, 50 % ull), farge nr 25
storleik:
2 år i masker, 6 år i centimeter...
storleik:
2 år i masker, 6 år i centimeter...
pinnar: