Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

Viser innlegg med etiketten ull. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ull. Vis alle innlegg

1. januar 2014

SNØKVIT OG ROSERAUD - snow white & rose red mittens

*)
Godt nytt strikke-år! Eg er imponert over års-kavalkadane som no ligg ute på mange bloggar! Sidan det er dagen derpå for meg, vel eg berre å vise fram fjorårets innspurt, nemleg denne vesle buketten av strikka roser.

"Roseraud"-vottane (oppe til høgre) rakk akkurat fram som julegåve til ei av systrene mine, medan "Snøkvit"-vottane (oppe til venstre) enno ligg og tørkar etter ein forsiktig nyttårs-vask. Eg har ein mottakar i sikte. Ei uventa januar-gåve må vel vere bra ...? 
Det er kanskje barnsleg og egoistisk, men eg må innrømme at minst halve moroa med å strikke gåver er at eg då har ein grunn til å skaffe meg nytt og spennande garn som eg kan prøve ut!   

"Snøkvit"-vottane er laga av 100 % finsk ull frå Riihivilla, i den nye, tynne garn-kvaliteten Velho. Velho er visstnok er ein slags trollmann på finsk, og han lokka meg altså inn i dei mørke skogane: Raudfargen i Velho kjem frå - hald deg fast - blodraud kanelslørsopp og knuste lus!  

"Roseraud"-vottane derimot, førte meg nesten innom dei herskapelege portane til Downton Abbey, for det mjuke, edle Titus-garnet eg her prøvde for første gong, er spunne i Yorkshire, i ei britisk blanding av 70 % ull og 30 % alpakka. Frå firmaet bak, Baa ram ewe, fekk eg forresten ei overraskande advents-gåve: Då eg bestilte Titus-garnet i juleraudt og kvitt, sendte dei meg like godt også desse søte garn-buntane á 20 gram! (Eg spurde berre etter vanlege garn-prøver for å kunne sjå nokre av dei andre fargane.) Eg kan altså strikke meg minst eitt par vottar til, berre ved hjelp av desse gratis-prøvene! 

Eller kanskje eg skal strikke noko heilt anna ...? Eg er faktisk heilt blank og utan strikkety denne nyttårsdagen. Det einaste offisielle strikke-forsettet eg har for 2014 er å lage minst eitt eige mønster som eg kan dele med omverda. Kva med deg?  

grunn-oppskrift, rosevottar:
av Solveig Larsson (heimesida hennar)
(kjøpt som enkelt-oppskrift, direkte frå Larsson)
mine endringar:
annan mansjett, 
anna mønster på handflata 
og på tommelen

Roseraud-vottane 
(= med raude roser):
(70 % ull, 30 % alpakka) 
fargar: Wesley Bob (juleraud) og White Rose
pinnar: 2,5 mm (betre med 2 mm?) 
størrelse: dame 
total-vekt: ca 45 gram
kjapp vurdering: 
Ikkje det perfekte votte-garnet for meg. For "slapt i fisken", men fint, mjukt og edelt. Passar nok betre til lette sjal med holmønster o.l. 


Snøkvit-vottane (= kvite roser):
(100 % finsk ull)
fargar: nr 30103 (raudt) og nr 31301 (kvitt)
størrelse: dame/ungdom (små)
total-vekt: 46 gram
pinnar: 2 mm (perfekt for meg)
kjapp vurdering: Ja! Dette garnet vil eg strikke fleire vottar av! Garnet er ujamt tvinna, men det ferdige plagget ser fint ut. Eg likar rein ull som dette. Neste gong prøver eg eit mønster med fleire masker, slik at vottane blir større.


*) måleriet i midten (øvst i innlegget) 
er frå eventyret "Snow White and Rose Red",
 illustrert av Jessie Wollcox Smith i boka A Child's Book of Stories (1911)


31. oktober 2013

FINSK GODTERI - yummy yarn from Finland

Medan ekorna hoppar hektisk rundt i skogen og samlar nøtter, har eg leita fram mine godsaker frå sist vinter: Blodraud kanelslørsopp, gulrandkjuke, krapp og gul reseda. Men dette skal absolutt ikkje etast - men strikkast sjølvsagt! For endeleg er eg i gang med å nøste opp det handfarga Riihivilla-garnet (heimeside) eg bestilte då eg sat inne og fraus ein dag i februar.  

Det er som om heile den nordiske sommaren er fanga inn i desse små, lysande buntane, synest eg! Kvar av dei veg berre 20 gram, er alle litt ulike i nyansane, og luktar deilig av lanolin og frisk luft. For dette er rein, finsk saueull  (altså 100% suomenlampaan villalanka), handfarga av Leena Riihalä (blogg)med sopp og planter funne langs dei finske skogane. 

Og kva med puikkokoko ...? Det vil seie: kva er passande pinne-størrelse? Eg valde 2,5 mm! For no er eg i gang: 


Svensk oppskrift, finsk garn, norsk strikkedame: 
Eg måtte berre prøve ut alle Riihivilla-fargane - på éin gong! 
Oi, det vart kanskje litt for mykje av det gode ...? Om denne votten blir ferdig kjem han i alle fall til å lyse opp i vintermørkret!


PS: Ikkje gløym direktesendinga 
Nasjonal strikkekveld- & natt på NRK2 (nett-tv)
i morgon, fredag 1. november frå kl 20.05,
med oppstart i "Norge rundt" på NRK1 kl 19.40. 
Meir info m.a. her (nrk.no)

21. oktober 2013

VARM AV FROST - frosty sweater

Årets siste ute-ispinne? Den nystrikka genseren "Frost" held i alle fall på varmen!
Den skarpe haustlufta har lokka fram strikke-lysta mi igjen, etter ein lang og bloggefri sommar. Eg måtte starte enkelt, så eg snudde berre bunken med opp-skrifter, og landa på min tredje Mini Cobblestone! 

Det tynne alpakka-garnet eg brukte som "medløpar" (altså dobla med ull), er visst heilt nytt på marknaden, og bestilt frå dejlige Danmark: "Titicaca" frå Holst Garn. Finst det andre som har testa det? Eg diggar å blande alpakka med ull, då blir strikket litt mjukare, og gir også ein meir spenstig og melert effekt. 

Monstermønster har nettopp starta ein fin "Ull i bruk"-stafett, så inspirert av henne har eg fotografert "Frost"-genseren i lag med dei to Cobblestone-forgjengarane frå skapet. Begge er vélbrukte og temmeleg nuppete, ja! Spesielt den grøne som berre har mjuk Semilla fino-ull i seg. Men også den nye "Frost" skal få vere ein ekte kvardags-genser: Fritt fram for herjing i haustblad, sørpe og snø!

oppskrift, genseren "Frost":
etter original-oppskrifta Cobblestone av Jared Flood (Raverly) 
størrelse: ca 5-6 år
pinnar: 3,5 mm
garn: Holst Garn "Titicaca. 100 % pure thin alpaca"
... dobla med Isager Højlandsgarn eller
Geilsk tynd uld
totalvekt: 170 gram
fargar: 
og på fotoet under
garn-type sett ovanfrå og ned:
øvst: Titicaca thin alpaca, farge "Tiffany",
deretter Geilsk tynd uld, farge nr. 28
så Isager Højlandsgarn, farge "Topaz",
nedst Titicaca thin alpaca, farge "Jade"

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...