I alle fall kan i alt 32 lerker i ulike blå-tonar no flagre rundt halsen min når eg er ute og lengtar etter våren. Så eg trur eg kan kalle dette plagget eit ekte skjerf.
Det heile starta med at eg ville prøve meg på det gamle (norske?) vottemønsteret "Lerka", som Annepålandet skriv fint og nostalgisk om i blogg-innlegget "De aller, aller første".
Men då mansjetten var ferdig, var eg slett ikkje i humør til å gi meg i kast med ein tommel-kile, så eg bestemte meg for å berre konsentrere meg om fuglane, rundt og rundt. Og kalla prosjektet for "prøvelapp".
Samtidig fekk eg nemleg lyst til å teste ut kva som kunne vere det perfekte bakside-mønsteret til slike Lerke-vottar. Dermed vart det fleire og fleire runder, og fleire og fleire fuglar - nokre lyseblå, nokre mørkeblå, nokre oppned til og med - heilt til tolmodet sa stopp ved sånn cirka 120 centimeter. Då hadde eg altså 16 lerke-par og eit varmt og dekorativt (og kanskje litt merksnodig) skjerf!
Å nei, eg høyrer lerka
for fyrste gong i år!
Ned frå ein vinterhimmel
ho kved så kvat om vår.
Og dimt det er i lufta,
og skodd har sola dult;
men den velsigna fuglen
han kvitrar like fullt.
Anders Hovden (1895)
fakta, Lerke-skjerfet:
min eigen idé, men fugle-mønsteret er bygd på vottane
Lerka frå den norske boka "Votter og vanter" (1955)
(Eg endra diagrammet litt:
m.a. er mine lerker bittelitt feitare og rundare,
og tettare på kvarandre)
oppdatering 31. mars:
boka "Votter og vanter" kan lesast på bokhylla.no via Nasjonalbiblioteket
(men berre tilgang for norske IP-adresser)
oppdatering 31. mars:
boka "Votter og vanter" kan lesast på bokhylla.no via Nasjonalbiblioteket
(men berre tilgang for norske IP-adresser)
garn:
mørkeblått med nyansar: Kauni farge "EL" (53 gram)
lyseblått: Pickles Pure Wool farge "isbre" (43 gram)
pinnar: 3 mm
totalvekt: 95 gram