No har eg prøvd meg på to nye - og dejlig danske - oppskrifter, begge henta gratis frå nettet. Og kanskje det aller beste: begge er strikka på rund-pinne! Garnet har lege og modna sidan i haust, då eg sporenstreks skaffa meg to av dei nye fargene til Nøstebarn, nemleg moldvarp og akvamarin. Spesielt moldvarp-fargen er fascinerande: Er han grå? Er han beige? Eller har han eit skjær av rosa-lilla-raudt? Hm, eg trur litt av alt - rett og slett som ein moldvarp!
Eg lurer forresten på om Ein gul knapp no strikkar babyteppe av akkurat den same akvamarin-fargen? Det er ikkje så lett å få fram korrekt nyanse på fotoa her, men det eg diggar med denne fargen er at han er så lite sukkersøt, altså langt frå klassisk babyblå. Kanskje meir i retning brevatn...?
For temmeleg nøyaktig eitt år tilbake laga eg Ein liten vest-kavalkade (januar 2011), og no kan eg altså føye to nye mønster til favoritt-lista mi. Kven blir den neste vesten? Kanskje du har eit drivande godt tips ..???
oppskrift, akvamarin-farga vest:
Babys uldne undertrøye (gratis frå familiejournal.dk)
garn: merinoull 2-tråds frå Nøstebarn
farge: "akvamarin" (= nr 61)
storleik: 1 år (= passa til min to-åring)
forbruk: 41 gram
pinnar: 3 mm (2,5 mm truleg betre)
knappar: treknappar med bork
oppskrift, moldvarp-farga vest:
Babyslipover (gratis frå femina.dk)
storleik: 0-1/4 år i masker, 2 år (pluss litt til) i cm
for å passe til 2-åring. Vart meir enn stor nok
garn:
silkeull frå Nøstebarn (merk: eg dobla garnet)
farge: "muldvarp" (= nr 15)
forbruk: 93 gram (altså med dobla garn)
pinnar: nr 3 og 3,5 mm
knappar: trekanta perlemorknappar
knappar: trekanta perlemorknappar