Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

Viser innlegg med etiketten garn-samling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten garn-samling. Vis alle innlegg

7. august 2014

BOMULL-BONANZA - cotton yarn give away

Gratulerer og hurra til Karoline Hopland og Lisbeth Severinsen! Begge får ein garnpakke kvar, flygande gjennom posten! (Trekninga utført 17. august.)

Bonanza: av spansk, eg. 'pent vær'; 
i overført betydning 'rikdom'





(Store norske leksikon)

Denne sommaren har eg snudd opp-ned på garnlageret mitt, og bestemt meg for at skal eg unne meg meir nytt framover, må eg gi bort noko først! 

Boksen som det står "Bomull" på hadde det tjukkaste støvlaget, og eg innser vel at eg er ei ulldame når det gjeld strikking. Kva med deg?
Eg har altså kledd på meg spandér-shortsen, og no har du sjansen til å få éin av desse to bomullgarn-pakkane gratis i posten frå meg! Alt er økologisk merka. 


Legg igjen ein kommentar her seinast 15. august, og skriv kva pakke du helst ynskjer deg - og gjerne også kva du kan tenkje deg å bruke garnet til. Dei to vinnarane blir uansett valde ved loddtrekning. 








Pakke 1 = Pickles Thin Organic Cotton i diverse fargar.
Eg har strikka fleire baby-smekker med dette garnet, og det 
fungerte glimrande. Elles har eg laga desse fuglane her.

Vinnar av pakke 1:
Karoline Hopland











Pakke 2 Pakucho & Debbie Bliss ecobaby pluss litt til. 
Eg har blogga om Pakucho-garnet tidlegare, og strikka ein spretten harepus. 



Vinnar av pakke 2:
Lisbeth Severinsen

(trekning av begge 17. august ved hjelp av Random Number Generator)







10. oktober 2011

GRØN OKTOBER - green is the color

Plutseleg står eg med hovudet ned i garnkorgene mine, og plukkar konsekvent ut alle buntane i grønt! Silke, ull og alpakka - uansett kvalitet eller tjukkelse veit eg berre éin ting: No vil eg strikke med grønt!


Kanskje er det ein ubevisst protest mot hausten, der alt i naturen ser ut til å bli raudare, brunare, regntungt, nattesvart...


Eg har endåtil meldt meg inn i Raverly-gruppa Green is the color. Ja, sjølvsagt finst det også ei gruppe for slikt! Der inne er det mange fascinerande svar på spørsmålet: Why do you love green?



Heilt konkret har eg lyst å prøve meg på barnegenseren "Ikke helt ribba" av Pinneguri, og då absolutt i optimistisk grønt. Men kva slags garn skal eg velje, skal tru? Silkesauen insisterer sjølvsagt på ull, og ikkje alpakka. Hmm... eg trur eg legg meg litt i tenkjeboksen i lag med ein haug av grønt. 



1. oktober 2011

LYST Å VINNE MOHAIR-GARN? - yarn giveaway!

Oppdatert 5. oktober: Gratulerer til SYNNØVE (with 100% love)


Ein eksklusiv gjeng på seks kommentatorar hadde meldt seg på giveaway'en før fristen, dermed fann eg fram Yatzy-terningen, og han landa på 2, altså Synnøve. Eg gler meg til å sende garn-samlinga til deg! 


Men desse seks kom med så mange gode og kreative forslag til kva ein kan bruke slikt mohair-garn til, at eg nesten angrar på at eg lova å gi det bort... 
Hehe, neida! Dette har gitt meirsmak - så følg med, kanskje kjem det fleire opprydnings-tilbod frå den snille Silkesauen :-)

(Gammal tekst:) Har du lyst til å overta nesten 500 gram mohair-garn? Her har du sjansen! Eg er heime på hausttur, og ryddar i skap og på loft. Dermed dukka desse fluffy buntane fram frå fortida: 


Mohair-garn frå Lesotho, kjøpt i ei idealistisk tid, då Sør-Afrika enno var styrt av apartheid, og ein ville støtte alle gode motkrefter som fanst. Eit lite fjelland med angorageiter og spinnande kvinner, geografisk omringa av giganten Sør-Afrika, vekte solidaritetskjensla. 


Eg synest dette garnet er fint og fascinerande, men eg veit rett og slett ikkje kva eg skal strikke av det, og då er det betre å gi det vidare til andre hender. Kanskje til dine...?


Fargane er ei salig blanding av svart, burgunder, turkis, mørk lilla, rosa, syrin, naturkvitt  - og litt juleraudt. Du er med i trekninga om du legg igjen ein kommentar under dette innlegget, gjerne med nokre idear om kva du kan tenkje deg å lage om du får garnet i fanget!


Garn-fakta: 
"Lesotho Handspun Mohair"
Superfluffy
(85-100 % mohair, 10-14% ull)
50 gram = ca 140 meter


* * * Vinnaren er kåra (sjå over) * * *


Eg trekkjer ut vinnaren i løpet av onsdagen (5. oktober) og publiserer då namnet her, så legg altså igjen ein kommentar før onsdag morgon!


If you leave a comment under this post, you are joining my mohair-yarn-giveway. I'll close comments on Wednesday morning (the 5th of October), and the winner will be announced here the same day. And: If you are living far from Norway, I think I'll let you pay the shipping costs yourself :-)


22. mars 2011

PAKKE FRÅ AMERIKA - I've got mail!

Eg har gått og nynna på Solveigs Sang dei siste vekene, og det skulle jammen gå nesten både vinter og vår før denne etter-lengta pakken dukka opp - i dag!


For første gong har eg nemleg bestilt garn frå USA (... slik er det når ein surfar seg svolten på nettet...), men ventetida tok nesten to månader. Eg var i ferd med å forsone meg med at ein toll-inspektør no sat lukkeleg i lunsjpausen sin, stadig strikkande på mitt dyrebare garn. Men i dag vart altså godteposten likevel min! 


Planen er å teste ut desse to garntypane frå firmaet The Fibre Company, før eg eventuelt bestiller meir: Av "Organik" (økologisk merinoull, babyalpakka og silke) drøymer eg om å lage Kerrera for Kids-jakka av Gudrun Johnston, og av det litt tynnare garnet "Road to China Light" (babyalpakka, silke, kamel og kasjmir) lurer eg på Sabbatical-jakka av Connie Chang Chinchio til meg sjølv. Men først skal eg berre leggje dei herlege buntane i fruktskåla, og beundre synet - og vente, vente litt til...



7. mars 2011

SKAPT SÅNN - naturally coloured cotton

Plutseleg viste kalenderen mars, og dei uvante solstrålane førte meg rett inn i ruge- og grublefasen: For kva skal eg strikke med no...? Er det på tide å skifte frå varmande ull til vårleg bomull? Frå djupet i garnkorga henta eg fram naturens eige underverk, nemleg seks små buntar naturleg farga bomull, merka med passande namn som krem, avokado, skog og sjokolade: 
Ja, det er faktisk sant! Denne økologiske bomullen har ikkje éin einaste drope tilført farge: Natur-, grøn- og bruntonane (finst visst lilla-tonar også) kjem frå ulike pigment i bomullsplantene sjølve. Dei seks buntane har lege og fascinert meg i mange månader, men først i dag, inspirert av vårsola, nøsta eg dei opp, medan eg prøvde å klekkje ut ein suveren strikke-plan. 

Kanskje skal eg lage ein bomullsversjon av Sidelengs jakke i sirkel? Eller ein påskekosekanin eller kanskje Elefanten Elijah? (Garantert trygg å tyggje på for småttingar!) Eller kanskje fornuftige vaskeklutar? Eg blir glad for gode idear! 

PS: Dette bomullsgarnet heiter Pakucho (info på dansk), og er frå Peru. Både usprøyta, kunstgjødsel-fritt og Fairtrade! Eg har ein tynn type: 50 gram = 200 meter, pinne nr 2 1/2 - 3. Knitter's Review har ein svært positiv omtale av ein tjukkare versjon.

17. januar 2011

MY LOVE IS LIKE A RED, RED YARN

Kva hjelper betre mot måndag-morgon-blues enn ein etterlengta pakke i posten? Og inni ligg ein herleg bukett av raude garnprøver, spesiallaga til vesle meg! Med helsing frå ei som ikkje sa (det så altfor mange seier) at " - nei, garnprøver tilbyr vi ikkje i denne nettbutikken, dermed kan du heller ikkje få det". Vel, gjett kven eg snart sender ei dyrebar bestilling til ...
Her er det juleraudt, korallraudt, mursteinsraudt, rustraudt, kirsebærraudt, rubinraudt og eg-veit-ikkje-kva raudt. Eg samanliknar garnprøvene med dei få nøsta av raudt garn som eg allereie har i huset. Eit av nyttårsforsetta mine er nemleg å frigjere meg frå forelskinga til blått. Og no har eg to raude prosjekt på idé-blokka: eitt gåve-prosjekt og eitt ego-prosjekt. Det står berre att å finne den perfekte raudfargen! Og det perfekte garnet. Men først skal eg sjølvsagt fullføre den siste av affærane mine frå i fjor: Den blå Vinterhimmel-jakka. 

23. november 2010

KEISARENS NYE GARN...? - A fairytale fiber?



Då eg opna den fine babystrikk-boka Myk start av May B. Langhelle for første gong og las om "Mykeste myke jakke" byrja ordet kasjmir (cashmere) å sveve rundt som ei lysande, lita stjerne i bakhovudet mitt. Men eg gjorde ingenting med denne draumen, det var for abstrakt, og for dyrt. 


Ei god stund seinare var eg på reise, og oppdaga verdas koselegaste garn-butikk, med verdas nydelegaste eldre dame bak disken. Ho ville gjerne vise meg sin nyaste skatt: Små buntar med handfarga, tynt kasjmir-garn frå geiter i Indre Mongolia. Ja, kva anna kunne eg gjere då enn å vandre ut igjen, med 55 fjørlette gram i fargen "Blueberries & Plums", til den nette sum av 35 Euro...


Fargen er heilt etter min smak: djupt blåbær-blå med nokre fine skjær av plommeskal-lilla som dukkar opp av og til (kjem ikkje så godt fram på fotoet). Og garnet er mjukt, ja, uendeleg mjukt ... nesten litt ... slapt... Og tråden slitnar skremande lett - men heldigvis ikkje medan eg strikka. Eg er rett og slett temmeleg skuffa over kvaliteten, og spør meg sjølv om eg har hamna i den same fella som keisaren i eventyret? Eller kanskje var det forventningane mine som var for høge? Og pengepungen som vart så sørgeleg tom?


Men pulsvarmarane ser i alle fall bra ut, takka vere den fine oppskrifta  Blonde av Pinneguri på bloggen hennar Med pinner. Eg har berre endra bittelitt på "stripa" før mønsteret. Då eg la pulsvarmarane på kjøkkenvekta viste ho 14 gram! Det betyr om eg gir kasjmir-nøstet mitt ein sjanse til, og også strikkar litt kortare mansjett, kan eg klare å lage totalt 4 par pulsvarmarar! Då blir dette kanskje eit eventyr som endar godt likevel. 


For the first time I have knitted something in cashmere. But I must say I am quite disappointed about the quality. Soft, oh yes, but I find this yarn too unelastic and too breakable. But nevertheless I think I will give it another try later, maybe from another brand. 




oppskrift: Blonde av Pinneguri 
garn: Mongolian Cashmere 2-ply, 55 gr - 366 m (brukte 14 gr)
farge: Blueberries & Plums (nr 36)
garn-firma: Jade Sapphire Exotic Fibres
pinnar: to strømpepinnar 2,5 mm (hadde vore betre med 2,0 mm?)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...