Planen med teppet er
å bruke det i barnevogna når toåringen blir trøytt og kald, og fargane er valde ut for å også passe til litt skit og sølevatn, som gjerne følgjer med på ferda.
å bruke det i barnevogna når toåringen blir trøytt og kald, og fargane er valde ut for å også passe til litt skit og sølevatn, som gjerne følgjer med på ferda.
Orginaloppskrifta kjem frå DROPS Design, men eg forenkla ved å bruke færre fargar, og å bryte opp bølgjemønsteret med lengre "kvileskjær" av einsfarga rillestrikk. Godt for strikkaren, og også godt for auget med slike rolege felt, synest eg.
God og hjartevarm Valentin ynskjer eg alle!
oppskrift:
DROPS teppe med bølgemønster (gratis frå garnstudio.com)
men med færre fargar, og område med berre rillestrikk mellom bølgjene
garn (= ull dobla med alpakka):
mørkebrunt: Isager Højlandsgarn farge "truffle" dobla med Drops Alpaca eco nr 0607m
lyseblått: Isager Højlandsgarn farge "topaz" dobla med Isager Alpaca 2 farge nr 019
natur: Nøstebarn 2-tråds naturbrun dobla med Drops Alpaca eco nr 2020m
pinnar: 3,5 mm (4 mm eller meir hadde vore kjappare...)
totalvekt: 515 gram
storleik: ca 90 X 105 cm