Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

Viser innlegg med etiketten adventskalender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten adventskalender. Vis alle innlegg

4. desember 2011

VÅR DAGLEGE VOTT - mitten calendar

Det er rart kor fort og lett små barneføter kjem seg oppover bratte trappetrinn desse morgonane. Kan det ha noko med adventskalenderen å gjere...?  Han manglar både glitter og glamour, men 24 velbrukte vottar og vantar på ei snor er visst meir enn spennande nok, så lenge dagens tal inneheld ein skjult skatt. 

Mi salige blanding av gamle selbuvottar frå loftet, mixa med eigne parlause eller mislukka (... og dermed tova) vantar, var meir enn nok til å oppfylle ideen om ei heil kalender-rekkje.

Fleire av selbuvottane er så gamle at eg ikkje veit kven som har laga eller brukt dei. Men på nr 14 heng i alle fall min barndoms blå skivott, og for moro skuld plasserte eg dei to rosa vantane eg hadde på dei mest "feminine" datoane frå primstaven: Nemleg Marias unnfangelse 8. desember og Lucia/Lussinatt 13. desember. 

Personlege minne kan også flettast inn i ein slik kalender: Har nokon bursdag til dømes, kan du spørje om å låne hans/hennar vott, og hengje på rett dato! Eg er i alle fall godt fornøgd, ikkje minst er årets ein god del vakrare enn Sparkebukse-kalenderen eg og nissen laga i fjor :-)

God adventssøndag! 


1. desember 2010

NISSEN VAR HER I NATT - a little helper in the night



Skulle ikkje fredelege november vare lenge, lenge...? Det trudde menneske-mammaen, så då den forventningsfulle nissen stakk den frosne nasen sin mot vindaugsruta seint i går kveld, såg han ingen julekalender henge klar til dei små menneske-ungane neste morgon. 


Nissen såg berre ei menneske-mamma der inne som var så trøytt, så trøytt. Og ute var det så kaldt, så kaldt. Mammaen hadde slett ikkje lyst til å gå ut i kulda berre for å finne ein ussel kjøpe-kalender. Då fekk det heller vere. Alt ho orka var å sitje slapp framfor pc-en og sjå på alle dei nydelege, heimelaga adventskalendarane som alle dei fine mamma-bloggarane stolt viste fram. Naturlegvis med alle 24 lukene fylte allereie. Menneske-mammaen såg og las til auget vart stort og vått. Og så gjekk ho og la seg.


Vi veit vel alle kva nissen gjorde? Han lista seg inn og fann fram til handarbeidskorga, der ein juleraud garnrest frå bestemors tid låg og venta, i lag med den gamle knappe-boksen. I  posen med arva babyklede låg ei stakkars, ufrivillig tova sparkebukse i ull. Nissen sette i gang, med saks, nål og garn. Som vi veit syr ikkje nissar like fint og sirleg som dei små hjelparane til Askepott, men nissar får jobben gjort, og det fort som svint. Og neste morgon, 1. desember, hang ei skeiv, men ferdig adventskalender-strømpe klar. 


Alt menneske-mammaen treng å gjere no er å bytte ut den grøne tråden med eit nytt tal kvar dag. Dét skal ho klare. Og spennande saker oppi strømpa blir det sikkert også ei råd med, skal du sjå.


Hjarteleg takk, vesle nisse! 




oppskrift: nissen
garn: raudt og grønt restegarn
stoff: feil-vaska (og dermed tova) sparkebukse frå Nøstebarn
pris: null kroner

PS: Den andre sparkebukse-foten kan eg kanskje lage strikkepinne-etui av? 
Eller bruke til å lage ei endå finare julestrømpe, heilt utan nisse-strekar?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...