Så reiste dei i lang tid og gjennom mange land, og kongsdottera visste slett ikkje kvar det bar av, men langt om lenge kom dei til ein gullskog. Han var så gild at gullet draup av han, og tre og greiner og blomar og blad var av berre gull. (frå eventyret Kari Trestakk)
Her som eg skal feire jul i år, er det ikkje eit einaste snøfnugg i sikte. Men trøysta er då at nokre av trea enno viser seg i fine, gylne haustfargar.
Dei to nyaste vottemønstera mine er ei helsing til magiske vekster: Grantreet (etter historia til H. C. Andersen) og Eventyrlauv, som begge er med den nye e-boka "Flere votter fra eventyrskogen".
Oppdatert 21. des: På fellesbloggen til Vottelauget kan du sjå fleire foto, og lese meir om Eventyrlauv-mønsteret.
Der står det også kven som fekk det ferdigstrikka Eventyrlauv-paret, pluss to andre vottar som eg gav vekk i førjulsgåve.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar