Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

Viser innlegg med etiketten votter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten votter. Vis alle innlegg

22. november 2013

VILL ELLER SNILL? - sheep-eating mittens


Jacha-chacha-chacha-chow! Eg klarte ikkje å la vere. Akkurat som Ylvis måtte eg lage nokre revestrekar ég også  - og resultatet ser de her: To par sjølvkomponerte vottar med villdyr på. 

Dette er bokstaveleg tala "ulv i fåreklær", for garnet til begge votte-para kjem frå snille (?) finske sauer. Nok ein gong har eg nemleg dukka ned i det herlege (... og stadig minkande ...) lageret mitt med plantefarga Riihivilla-garn 

Damevottane "Revar og rognebær" har dei rust-oransje nyansane sine frå blodraud kanelslørsopp og krapp, medan botnfargen kjem frå ufarga ull. På barnevottane "Ulvar i mosen" snudde eg om på fargane, slik at dei raude revane altså vart omskapte til gråbeinar! 

Eg har bevisst stilisert og forenkla, så på avstand ser det heile meir ut som abstrakte grafiske mønster, enn som glefsande rovdyr. 


Men uff, eg får nesten dårleg samvit! Tenk om dei stakkars sauene hadde visst at eg brukar den fine ulla til å lage portrett av deira verste fiendar! Men eg trur ikkje desse vottane skremmer verken Raudhette eller nokon annan i skog og by. 

Nei, revane og ulvane mine ser ikkje særleg skumle ut, heller som små kattungar. Men mjuke og varme er dei, akkurat som vottar skal vere.  
Wa-pa-pa-pa-pa-pa-pow! Kulda kan kome!



fakta, barne-vottane
"Ulvar i mosen"
med mønsteret frå reve-vottane mine 
... og elles barnevott-oppskrifta
størrelse: ca 4-6 år
garn: Riihivilla Aarni
fargar: restegarn frå reve-vottane mine, 
men omvendt farge-bruk
pinnar: 2,5 mm
total-vekt:  35 gram
revevottane "Revar og rognebær"/
Foxy mittens ("Foxes and rowan berries")

Sjå også: Prosjektside på Raverly/
Project page, Raverly

(oppdatering februar 2015: oppskrifta er fjerna herifrå bloggen,
og lagt til sal på Raverly for ein symbolsk sum på 5 NOK. Desse revevottane vart utgangspunktet for oppskrifta "Reveenka", som er publisert i e-boka "Votter fra eventyrskogen")

garn/yarn: Riihivilla Aarni
fargar/shades
botnfarge: "natural beige" (ca 47 gram)
mønsterfargar: 
tre ulike oransje- og rust-nyansar/three different selections of orange and red/rusty


8. november 2013

VOTTAR FRÅ SKOGEN - mittens from the woods

I dag har eg vore på skogstur med Svante og Doris! Dette er mine to nystrikka vottepar frå den svenske boka "Vantar för alla årstider".  Spesielt Doris lyste frimodig opp i grønt, raudt og gult, takka vere min uhemma bruk av nyansane i det finske garnet Riihivilla -  som er handfarga ved hjelp av sopp og planter. 
Og den djupe rosafargen til Svante kjem faktisk frå lus ...



No har samveret med Doris og Svante gitt meg votte-feber, og eg tenkjer fram mot jul og heimelaga julegåver. Kanskje er vottar ein god idé? 

Men kva mønster og fargar skal eg gi meg i kast med no? Og kva garn er best, spesielt viss eg vil strikke tofarga mønster a la Selbu i tynt garn? 
Og: finst den ultimate votte-boka ...
Eg blir glad for alle votte-verkstad-tips!


"Vantar för alla årstider", utgitt av dei to svenske bloggarane Clara Falk og Kamilla Svanlund, vart ein fin start på hausten for meg, men no er eg altså svolten på meir! Her er forresten Raverly-sida til alle dei 27 oppskriftene i bokaførebels har dei lagt ut fleire foto på Raverly enn på heimesida, ser eg.


SVANTE av Clara Falk
frå boka "Vantar för alla årstider"
garn: Riihivilla "Maahinen"
(er tynnare enn "Aarni")
i fargane "pink" (cochineal) 
og "natural white"
pinnar: 2,5 mm (betre med 2?)
størrelse: dame 
total-vekt: 63 gram
mine endringar: 
*einsfarga ribbestrikk istadenfor mønstra mansjett
*fugl på framsida av tomlane
* andre fargar og anna garn



DORIS av Clara Falk
frå boka "Vantar för alla årstider"
garn: Riihivilla "Aarni" 
(er tjukkare enn "Maahinen")
fargar: grøne, raude og gule nyansar,
sjå detaljar på Raverly-sida mi
pinnar: 2,5 mm
størrelse: dame (men vart store pga tjukkare garn enn i original-oppskrifta)
total-vekt: 93  gram
mine endringar:
* tova vottane lett temmeleg kraftig for å 
få dei mindre
* andre fargar og anna garn


Takk for turen, Svante og Doris!



31. oktober 2013

FINSK GODTERI - yummy yarn from Finland

Medan ekorna hoppar hektisk rundt i skogen og samlar nøtter, har eg leita fram mine godsaker frå sist vinter: Blodraud kanelslørsopp, gulrandkjuke, krapp og gul reseda. Men dette skal absolutt ikkje etast - men strikkast sjølvsagt! For endeleg er eg i gang med å nøste opp det handfarga Riihivilla-garnet (heimeside) eg bestilte då eg sat inne og fraus ein dag i februar.  

Det er som om heile den nordiske sommaren er fanga inn i desse små, lysande buntane, synest eg! Kvar av dei veg berre 20 gram, er alle litt ulike i nyansane, og luktar deilig av lanolin og frisk luft. For dette er rein, finsk saueull  (altså 100% suomenlampaan villalanka), handfarga av Leena Riihalä (blogg)med sopp og planter funne langs dei finske skogane. 

Og kva med puikkokoko ...? Det vil seie: kva er passande pinne-størrelse? Eg valde 2,5 mm! For no er eg i gang: 


Svensk oppskrift, finsk garn, norsk strikkedame: 
Eg måtte berre prøve ut alle Riihivilla-fargane - på éin gong! 
Oi, det vart kanskje litt for mykje av det gode ...? Om denne votten blir ferdig kjem han i alle fall til å lyse opp i vintermørkret!


PS: Ikkje gløym direktesendinga 
Nasjonal strikkekveld- & natt på NRK2 (nett-tv)
i morgon, fredag 1. november frå kl 20.05,
med oppstart i "Norge rundt" på NRK1 kl 19.40. 
Meir info m.a. her (nrk.no)

27. oktober 2013

VOTTAR TIL PRINSEN - mittens for a prince

Eit lite vottepar i handa er betre enn ti ubrukte garnnøste i skapet (nytt ordtak)
Eit par fjørlette vottar i silkeull er no ferdige, og kan pakkast inn som dåpsgåve. Nei, ikkje til George Alexander Louis of Cambridge, men til ein annan nydeleg, liten gut. Og uansett, alle barn som kjem til verda, er prinsar eller prinsesser, spør du meg. Eg fann dette norske mønsteret på nettet, og når namnet er 
"Liten fuggel" synest eg fargen dueblå som hovudfarge passa perfekt! 


Dessutan: eg vart så oppløfta av å kunne trylle fram fuglar av små masker, så eg fann meg raskt eit nytt "bevinga" mønster, denne gong til ein vaksen (... julegåve ...???) 
- frå ei heilt ny vottebok av to svenske bloggarar. Eg har lyst til å strikke omtrent alle mønstera dei har laga! Så snart eg er ferdig med dette første paret vil eg fortelje og vise meir!


oppskrift, dueblå vottar:
(lenke til mønster-butikken hennar)
garn: Nøstebarn silkeull (nettbutikk)
fargar: dueblå (nr 852) og natur (nr 810)
størrelse: ca 6 mnd? (original 1-2 år)
pinnar: 2,5 mm (betre med 2,0?)
mi endring: utan tommel (sjå fotoet under)
totalvekt: 14 gram
Takk for lånet av dei store og fine pappa-hendene! 

1. januar 2013

VRIDDE NYTTÅRS-MASKER - New Year's knit with a twist

Eg tenner eit lys for det nyklekte året. Takk for det gamle! I dag festa eg også dei siste trådane på mine sjølvsnekra "Vridde vottar". 

Flette-feberen som kom på tampen av fjoråret følgjer meg nemleg enno, og no har eg også fått dilla på vridd rett! Vridde rettmasker kombinert med fletter lagar ein fin og tydeleg struktur - nesten som treskjæring, synest eg. 


Dette fiffige flette-mønsteret oppdaga eg først i gratis-oppskrifta "Liam's Loops Hat and Mittens", og laga ei raud julehue i alpakka til minstemann. Vottane som høyrde til settet var ikkje heilt etter min smak, difor laga eg min eigen vri, bokstaveleg talt - med dei fine "Staffvotter" av Mirrevirre som basis. 

I dag har eg skumma Raverly, og fann då fleire andre vottar som likna, men eg tek likevel "Vridde vottar" til hjartet som mine. Eg er allereie i gang med nye par, både for å prøve ut andre garntypar og for å forbetre detaljar, så kanskje kjem det ei ferdig oppskrift etter kvart ...

2012-nissen takkar for det gamle
- med nystrikka "Liam's Loops"-hue!


strikke-fakta:

"Vridde vottar" © 
av Frida/Silkesauen (Copyright)
garn: Artesano Aran,
(50 % alpakka, 50 % ull)
farge: Maple (naturleg farge)
pinnar: 4,5 mm
størrelse: dame
forbruk: 93 gram
garn: Pickles Pure Thin Alpaca,
dobla
farge: Tulipan
pinnar: 3,5 mm
størrelse: Small 
(passar til 3-åring pga tynnare garn)
forbruk: 53 gram








4. desember 2011

VÅR DAGLEGE VOTT - mitten calendar

Det er rart kor fort og lett små barneføter kjem seg oppover bratte trappetrinn desse morgonane. Kan det ha noko med adventskalenderen å gjere...?  Han manglar både glitter og glamour, men 24 velbrukte vottar og vantar på ei snor er visst meir enn spennande nok, så lenge dagens tal inneheld ein skjult skatt. 

Mi salige blanding av gamle selbuvottar frå loftet, mixa med eigne parlause eller mislukka (... og dermed tova) vantar, var meir enn nok til å oppfylle ideen om ei heil kalender-rekkje.

Fleire av selbuvottane er så gamle at eg ikkje veit kven som har laga eller brukt dei. Men på nr 14 heng i alle fall min barndoms blå skivott, og for moro skuld plasserte eg dei to rosa vantane eg hadde på dei mest "feminine" datoane frå primstaven: Nemleg Marias unnfangelse 8. desember og Lucia/Lussinatt 13. desember. 

Personlege minne kan også flettast inn i ein slik kalender: Har nokon bursdag til dømes, kan du spørje om å låne hans/hennar vott, og hengje på rett dato! Eg er i alle fall godt fornøgd, ikkje minst er årets ein god del vakrare enn Sparkebukse-kalenderen eg og nissen laga i fjor :-)

God adventssøndag! 


14. oktober 2011

VOTTE-DAGEN - the mitten sign



Har du snudd primstaven din i dag ...? Og gjort alt klart til ofring og eit heidundrande vinternattsblot ...? Eller i alle fall strikka ein vott? 14. oktober er etter gammalt den første vinterdagen, då primstaven blir snudd frå sommarside til vinterside, og det utskorne merket som då kjem til syne er oftast ein vott!
Nærfoto: frå primstaven min, 
ein kopi frå Vågå, år 1649


Før kristen tid heldt dei gamle vinternatts-blotet denne dagen. Dei helsa vinteren velkomen, og ofra for eit godt år. Vinterkleda skulle takast fram og gjerast i stand. Vanlege primstavmerke var ein vott eller eit lauvfritt tre. Dagen spådde vinterveret: "Som vinterdagens ver er, skal vinteren verte". Frå vinterdagen skulle hestane også ha bjelle på. (Sitat frå fleire kjelder.) 


På det øvste fotoet heng nokre av dei mange parlause vottane eg fann i skatte-jakta mi på familieloftet. Fleire er som du ser godt brukte, og tova i møtet med kalde og våte vinterdagar. Hm, kva skal eg gjere med desse vottane, skal tru? Kanskje lage ein adventskalender? I lag med diverse raritetar frå mitt eige vante-lager blir det ikkje noko problem å finne 24 stykke å tre på ei snor, trur eg :-)


Under ser du min favoritt frå loftet: Utruleg tynt garn, må vel vere strikka på pinne 1,5 eller 2 mm? Og er vel ein damevott, sidan det er damefigurar på? I alle fall laga for ei slank hand. Eg fann dessverre berre éin vott, men han er så vakker og nostalgisk at eg nesten har lyst å gi han ein æresplass på veggen. Eller kanskje skal eg kaste meg uti det og prøve å lage eit nytt par? 
Min favoritt frå loftet. Nokon som veit kva mønsteret heiter?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...