Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

Viser innlegg med etiketten pulsvarmarar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pulsvarmarar. Vis alle innlegg

25. april 2014

KYKELIPI - singing swatches


Pip-pip-prøvelapp!
Det kvitrar og syng, både ute på greinene, og inne på strikkepinnane mine for tida! Eg har fått dilla på fuglemønster, ikkje minst etter at eg laga det lange "Lerka"-skjerfet tidlegare i vår. 

Eigentleg er eg enno berre på prøvelapp-stadiet ( ... til ei hue kanskje, eller ein barnegenser ...?) men eg er så gjerrig på garnet - og på tida mi - at eg fann ut at eg ville bruke desse prøvelappane til noko nyttig. 

Dermed har eg plutseleg fått meg fleire par pulsvarmarar og ein godteri-skjular!


Godteri-skjularen (som eigentleg er mønsteret til tuppen på ein estisk vott) vart testa ut no i påska, og innhaldet fall i alle fall i smak! 

Denne tuppen kan kanskje også brukast som eggevarmar?


På desse mini-pulsvarmarane (med safran-gule kantar) har det norske "Lerka"-mønsteret fått selskap med eit estisk fuglepar. Eg fann fram mine tynnaste strømpe-pinnar til testen: 1,5 millimeter! 

Estland har så mange stilige mønster, og ikkje minst uvante og spreke farge-kombinasjonar! 

Då eg oppdaga den fine bloggen til Ülle frå Estland, og spurte henne om informasjon om gamle vottemønster, delte ho raust frå samlinga si på e-post. Seinare kom også eit nydeleg lite hefte, berre med fuglemønster, rett i postkassa til meg! "Muhu Linnud" er som ei lita diktbok å bla i, til dagleg inspirasjon! 
Ideen til desse påfugl-pulsvarmarane derimot, fann eg i den svenske boka "859 fåglar". Boka/heftet er berre i svart-kvitt, heilt utan tekst, og er ikkje så poetisk laga som "Muhu Linnud", men er fullstappa av fuglemønster (ja! 859 stykk!), henta frå gamle broderi, vevnader og strikk rundt om i verda.

Eg har altså samla meg eit fint lite "reir" med fuglemønster, og er berre så vidt i gang med ruginga (les: strikkinga)! Denne våren blir det meir fuglestrikk, ja! Har du eit favoritt-fuglemønster?


    1-2-3-4
    kykelipire
    5-6-7-8
    kykelipotte
    9-10-11-12
    kykelipoll
    12-11-10-9
    kykelipi

"Kykelipi" av Jan Erik Vold (1969)

Garn brukt til pulsvarmarane:
Shetland soft (frå Malsen og Mor), Supersoft (frå Holst Garn) og Tvinni (frå Isager)


27. februar 2011

GRIP DAGEN - Fetching & Fair

Denne helga unte eg meg sjølv to fargesterke gåver: 


Pulsvarmarane "Fetching" strikka i alpakka frå Peru, og ein raus bukett Fairtrade-roser frå Kenya. 


Fetching er ei oppskrift som ligg heilt oppe i topp-sjiktet på nettsamfunnet Raverly
I skrivande stund finst det 17.491 registrerte prosjekt! Eg er altså ikkje original i dag (heller), men å vere i godt selskap er vel ikkje å forakte?


Eg valde eit heilt anna garn enn foreslått, og 100 prosent alpakka er nok ikkje typen som får flettemønster tydelegast fram, men takka vere denne klare raud-fargen (i retning kirsebær) fungerer det likevel fint, synest eg. 


Fetching er superraske å lage, og akkurat litt mindre enn eit 50-grams nøste går med. Perfekt! 


Dette er tredje gongen eg strikkar Fetching (dei to første para gav eg bort så fort at eg gløymde å ta foto), og før eg produserer endå fleire gir eg desse raude til meg sjølv for å teste dei ut:  For er dei også praktiske og robuste i bruk...? . I dag verna dei i alle fall den vintertørre huda godt mot tornete (og fortryllande) roser!


Seize the day - with a quick knit like these fingerless gloves, Fetching (free pattern), and Fairtrade flowers. 


oppskrift:
"Fetching" (fingerless gloves) frå knitty.com (gratis oppskrift)
(...men eg endra litt øvst, dvs strikka ei ekstra flette istadenfor picot-kant)
garn: Artesano "DK superfine alpaca" (100 m - 50 gr. Eg brukte totalt 45 gram)
farge: nr 1532 - "Chile"
pinnar: strømpepinnar 4 mm (og flettepinne)

9. desember 2010

JUVELAR I JULEGÅVE - jewels for Christmas



Jade-grønt og rubin-raudt. Med desse fargane har eg strikka min eigen variant av "Schneeflocke"-pulsvarmarane. Dermed forsvann dei isblå snøfnugga, og fram frå maskene kom skinande smykkesteinar istaden. Eller kanskje bittesmå drueklasar og saftige bringebær...? Det er rart korleis små masker kan endre karakter, alt etter farge og garntype.


Eg snudde opp-ned på originaloppskrifta, på fleire måtar: Eg starta øvst, altså oppe ved fingrane, slik at eg kunne lage "klase"-mønsteret først, medan eg funderte på korleis mansjetten skulle sjå ut. Eg bestemte meg så for glattstrikk-mansjett, med ein liten mønster-kant nedst (altså grøn variant). Men då eg prøvde pulsvarmarane på, syntest eg sanneleg at dei vart vel så fine opp-ned (altså raud variant)! Eller kva synest andre? I alle fall kan mottakaren velje sjølv, alt etter vêr og humør! Slikt er smart med tommel-lause pulsvarmarar. 


For første gong har eg prøvd ut silkeull-garnet "Tupa" frå Mirasol, der fargekartet tek utgangspunkt i juvelar og smykkesteinar. Og garnet skin verkeleg i vintermørkret! Ein viss del av salet av alle Mirasol-garn går til ein barneskule i Peru, og Mirasol har henta namnet sitt frå ei gjetarjente i Andesfjella, som symbol på dette arbeidet. Vonlegvis varmar altså denne julegåva fleire enn dei to norske mottakarane mine.

Nokre spør seg kanskje korleis eg kan brette ut potensielle julegåver på denne måten. Heile verda kan sjå denne bloggen, ja! - men ingen i min vesle krets av familie og venner  er blitt fortald om han, enno. Eg har tenkt å vente med slik "framsnakking", i alle fall til januar. Og om nokon kjende tilfeldigvis snublar innom her, så veit dei likevel ikkje kva for ei strikka-gåve dei får, eller om dei får éi i det heile ...




I have made my own twist of the wrist warmers-pattern "Schneeflocke" (Snowflake), with two different, shining colors of the silkwool yarn "Tupa" from Mirasol, named after jewels and ornamental stones. A portion of every purchase of Mirasol-yarn is dedicated directly to a school for children of shepherds in Peru. Somebody may wonder why I so openly show off my presents before Christmas. Well, I haven't told anyone close, neither friends nor family, about this blog ... yet :-)



oppskrift: "Schneeflocke" frå Seiden Atelier Gottlieben, i min eigen Silkesauen-variant
garn: "Tupa", 50% merinoull og 50% silke
løpelengd: 50 gr - 125 meter (brukte ca 33 gr per pulsvarmar-par)
farge: grøn nr 805 ("Jade") og raud nr 4/808 ("Ruby Red")
garn-firma: Mirasol 
pinnar: strømpepinnar nr 4


23. november 2010

KEISARENS NYE GARN...? - A fairytale fiber?



Då eg opna den fine babystrikk-boka Myk start av May B. Langhelle for første gong og las om "Mykeste myke jakke" byrja ordet kasjmir (cashmere) å sveve rundt som ei lysande, lita stjerne i bakhovudet mitt. Men eg gjorde ingenting med denne draumen, det var for abstrakt, og for dyrt. 


Ei god stund seinare var eg på reise, og oppdaga verdas koselegaste garn-butikk, med verdas nydelegaste eldre dame bak disken. Ho ville gjerne vise meg sin nyaste skatt: Små buntar med handfarga, tynt kasjmir-garn frå geiter i Indre Mongolia. Ja, kva anna kunne eg gjere då enn å vandre ut igjen, med 55 fjørlette gram i fargen "Blueberries & Plums", til den nette sum av 35 Euro...


Fargen er heilt etter min smak: djupt blåbær-blå med nokre fine skjær av plommeskal-lilla som dukkar opp av og til (kjem ikkje så godt fram på fotoet). Og garnet er mjukt, ja, uendeleg mjukt ... nesten litt ... slapt... Og tråden slitnar skremande lett - men heldigvis ikkje medan eg strikka. Eg er rett og slett temmeleg skuffa over kvaliteten, og spør meg sjølv om eg har hamna i den same fella som keisaren i eventyret? Eller kanskje var det forventningane mine som var for høge? Og pengepungen som vart så sørgeleg tom?


Men pulsvarmarane ser i alle fall bra ut, takka vere den fine oppskrifta  Blonde av Pinneguri på bloggen hennar Med pinner. Eg har berre endra bittelitt på "stripa" før mønsteret. Då eg la pulsvarmarane på kjøkkenvekta viste ho 14 gram! Det betyr om eg gir kasjmir-nøstet mitt ein sjanse til, og også strikkar litt kortare mansjett, kan eg klare å lage totalt 4 par pulsvarmarar! Då blir dette kanskje eit eventyr som endar godt likevel. 


For the first time I have knitted something in cashmere. But I must say I am quite disappointed about the quality. Soft, oh yes, but I find this yarn too unelastic and too breakable. But nevertheless I think I will give it another try later, maybe from another brand. 




oppskrift: Blonde av Pinneguri 
garn: Mongolian Cashmere 2-ply, 55 gr - 366 m (brukte 14 gr)
farge: Blueberries & Plums (nr 36)
garn-firma: Jade Sapphire Exotic Fibres
pinnar: to strømpepinnar 2,5 mm (hadde vore betre med 2,0 mm?)

21. november 2010

Å STRIKKE SNØFNUGG - knitting snowflakes

Det er berre litt over ein månad til julekvelden... I fjor kom det ikkje ei einaste heimalaga gåve frå mi hand, heller ikkje særleg mange julekort må eg innrømme. I år har eg lyst til å prøve meg på pulsvarmarar: Raske å strikke, treng berre litt garn - og lette å sende i posten. Det første mønsteret eg no har testa har det poetiske namnet "Schneeflocke" - Snøfnugg.


Silkesauen er naturleg nok begeistra: Garnet er ei blanding av ull og silke, plantefarga i Sveits. Herleg å strikke med! Men ikkje billeg, nei. Mønsteret var litt plundrete å få til: Lage 3 masker av 1 m, deretter strikke 3 m (vrangt) saman. Men øving gjer meister: På den andre pulsvarmaren dalte snøfnugga lettare og lettare, og skuldrane senka seg. 


Rom for forbetringar: Den isblå-aktige fargen er kanskje for kald til eit plagg som skal varme? Og ville glattstrikka mansjett sett finare ut? Blir litt for bastant med ribbestrikk før det meir sarte snøfnugg-mønsteret, synest eg. Eller kanskje enkel ribb hjelper (altså 1 r, 1 vr i staden for 2 r, 2 vr)? Eg har også lyst til å prøve alpakka-garn i dette mønsteret.


My plan for this Christmas is to make wrist warmers and fingerless gloves as small and easy gifts. The first pattern I have tested is called "Snowflake", in a beautiful blend of wool and silk, plant dyed in Switzerland. 


oppskrift: Pulsvarmar "Schneeflocke" av Seiden Atelier Gottlieben
garn: 50% ull og 50% silke, 125 meter per 50 gr (brukte 37 gr)
farge: jeans-nyanse nr 105 (plantefarga)
garn-firma: Seiden Atelier Gottlieben
pinnar: strømpepinnar 4 mm
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...