Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

14. februar 2012

VARME BØLGJER - warm waves

Etter at "Mor Signes babyteppe" hamna i 60 grader-vasken (med vilje...) og kom ut igjen i dokke-versjon, har vi ikkje hatt noko heimelaga teppe her i huset. Men framskunda av sprengkulda - og ikkje minst inspirert av det imponerande koseteppet på bloggen til Sommerfuglen, har eg no endeleg festa dei siste trådane på teppet til minstemann: Dermed vart det dagens Valentin-gåve. 



Planen med teppet er 
å bruke det i barnevogna når toåringen blir trøytt og kald, og fargane er valde ut for å også passe til litt skit og sølevatn, som gjerne følgjer med på ferda. 

Orginaloppskrifta kjem frå DROPS Design, men eg forenkla ved å bruke færre fargar, og å bryte opp bølgjemønsteret med lengre "kvileskjær" av einsfarga rillestrikk. Godt for strikkaren, og også godt for auget med slike rolege felt, synest eg. 
God og hjartevarm Valentin ynskjer eg alle!

oppskrift:
DROPS teppe med bølgemønster (gratis frå garnstudio.com)
men med færre fargar, og område med berre rillestrikk mellom bølgjene
garn (= ull dobla med alpakka):
mørkebrunt: Isager Højlandsgarn farge "truffle" dobla med Drops Alpaca eco nr 0607m
lyseblått: Isager Højlandsgarn farge "topaz" dobla med Isager Alpaca 2 farge nr 019
natur: Nøstebarn 2-tråds naturbrun dobla med Drops Alpaca eco nr 2020m
pinnar: 3,5 mm (4 mm eller meir hadde vore kjappare...)
totalvekt: 515 gram
storleik: ca 90 X 105 cm

8. februar 2012

VILL ETTER VEST - Wild about vests

Eg blir visst aldri lei av å lage vestar! Eg trur eg snart må innrømme at dette er i ferd med å bli ein aldri så liten lidenskap... Men tenk om alt hadde vore så enkelt og sjelevarmande som ein barnevest kan vere det ein frosen vinterdag. 


No har eg prøvd meg på to nye -  og dejlig danske - oppskrifter, begge henta gratis frå nettet.  Og kanskje det aller beste: begge er strikka på rund-pinne! Garnet har lege og modna sidan i haust, då eg sporenstreks skaffa meg to av dei nye fargene til Nøstebarn, nemleg moldvarp og akvamarin. Spesielt moldvarp-fargen er fascinerande: Er han grå? Er han beige? Eller har han eit skjær av rosa-lilla-raudt? Hm, eg trur litt av alt - rett og slett som ein moldvarp! 

Oppskrifta på den akvamarin-farga-vesten heiter Babys uldne undertrøye, og originalen foreslår fram og tilbake-strikk, men her rista eg laust og følgde rådet frå Monstermønster, og strikka rundt, og i tillegg laga eg knappestolpe slik som Synnøve i bloggen - with 100% love - . Hjarteleg takk til begge! Eg elskar å fyke rundt på strikkebloggar for å fylle inspirasjons-tanken min!  


Eg lurer forresten på om Ein gul knapp no strikkar babyteppe av akkurat den same akvamarin-fargen? Det er ikkje så lett å få fram korrekt nyanse på fotoa her, men det eg diggar med denne fargen er at han er så lite sukkersøt, altså langt frå klassisk babyblå. Kanskje meir i retning brevatn...? 



For temmeleg nøyaktig eitt år tilbake laga eg Ein liten vest-kavalkade  (januar 2011), og no kan eg altså føye to nye mønster til favoritt-lista mi. Kven blir den neste vesten? Kanskje du har eit drivande godt tips ..??? 

oppskrift, akvamarin-farga vest:
Babys uldne undertrøye (gratis frå familiejournal.dk)
garn: merinoull 2-tråds frå Nøstebarn
farge: "akvamarin" (= nr 61) 
storleik: 1 år (= passa til min to-åring)
forbruk: 41 gram
pinnar: 3 mm (2,5 mm truleg betre)
knappar: treknappar med bork


oppskrift, moldvarp-farga vest: 
Babyslipover (gratis frå femina.dk)
storleik: 0-1/4 år i masker, 2 år (pluss litt til) i cm
for å passe til 2-åring. Vart meir enn stor nok
garn:
silkeull frå Nøstebarn (merk: eg dobla garnet)
farge: "muldvarp" (= nr 15)
forbruk: 93 gram (altså med dobla garn)
pinnar: nr 3 og 3,5 mm
knappar: trekanta perlemorknappar

4. januar 2012

2012-KJOLEN - the new year's dress

Godt nytt strikke-år! No skal november-jenta endeleg få kjolen ho ikkje anar noko om:
Før 2-årsdagen hennar rakna nemleg planen min om ein bursdags-kjole fullstendig, og i desember vaks den raude Rose-kjolen seg kjempelaaang, og hamna under eit heilt anna juletre.

Men kva er betre enn ein feiande fin nyttårs-presang ...? Den siste maska strikka eg på den gylne datoen 1. januar, og no skal kjolen pakkast pent og sendast i posten (Minsteguten måtte berre vere jentemodell for fotoa først). Blandinga silke, ull og alpakka var min eigen idé, og utan ermar skal vel denne kjolen passe til både vinter og vår, håpar eg.

Denne fine gratis-oppskrifta frå Pickles prøver eg forresten gjerne igjen! Spesielt berestykket i vevstrikk gir ein stilig effekt, som minner meg om halssmykka til Kleopatra og andre storheiter. Inspirerande å tenkje på at ein kan bruke heilt andre fargar (og garn) på berestykket enn resten av kjolen.

PS: Stjerne-pynten i midten laga eg av grapefrukt-skal, trykt ut i pepparkake-former, og deretter tørka flatt under press. Kan sikkert lagast med allslags citrus-frukter. Lyser beskjedent, men fint opp i vintermørkret!

oppskrift, kjole: 
(men eg droppa ermane)
garn:
bolen: Nøstebarn silkeull "lilla" nr 43 (63 gram) 
dobla med Isager Alpaca 1, farge nr 013 (44 gram) 
berestykket: Nøstebarn silkeull "natur" nr 10, dobla (11 gram) 
og "lyng" nr 32, enkel (8 gram)
pinnar: nr 3,5 mm
storleik: 2-3 år (totalt garnforbruk 120 gram)

10. desember 2011

INGEN BURDE FRYSE - warm thoughts


Det er vel nok garn i verda til at alle kunne hatt varme hender, like fullt som det er nok mat til å mette oss alle. Men så var det noko med fordelinga, då...
Etter at eg las tipset frå Monster-mønster om å strikke til Lys i mørket-aksjonen, sette eg i gong og grov etter tjukke og varme fibrar i lageret mitt. For meg som er mest van med florlett garn og tynne pinnar, var det ein fryd å løsne på grepet, og lage super bulky-saker som Grace Jones-hals, tjukk alpakkahue og dobbeltråda angora-skjerf. Så mjukt, så varmt, så fort gjort!


Det var også tankevekkjande  å strikke til Nokon som eg ikkje kjenner. Elles lagar eg alltid plagg til dei som står meg nær, og tankane surrar då ofte rundt desse kjære medan eg strikkar. Eg håpar dei enkle plagga mine kan varme Nokon, om det så blir berre for éi einaste natt - eller gjennom heile den lange vinteren. 
oppskrift, skjerf:
frå boka "Strikk til Nøstebarn" (s 123)
Berre rillestrikk, altså rask å strikke. 
Kan også lage hol å smette eine skjerf-enden inn i, for tettare hals. Fungerer fint. 
garn: Askeladen/Nøstebarn Angora-Uld (dobla)
farge: nr 366
pinnar: 5 mm


oppskrift, hue med klaffar:
"Thorpe" av Kirsten Kapur (gratis-oppskrift, pdf)
Denne hua blir strikka frå toppen og ned, altså lett å justere etter garn og person. 
Har gitt meirsmak! Thorpe har over 5400 prosjekt på Raverly!
garn: Artesano Aran (50% alpakka, 50% ull)
farge: nr C 854 "Birch", dvs naturleg farga (brukte 73 gram)
... pluss at eg dobla med Isager Tvinni i bremmen, 
farge: 26 (brukte 9 gram Tvinni)
størrelse: L i masker, M i cm, 
det vart stor herrestørrelse 
(...men altså litt for liten til buddhaen...)
pinnar: 5 mm

Buddha i byen: Eit lite ps om bruk av fotomotiv: Eg har ikkje gått inn på heilag grunn. Tvertimot møtte eg denne statuen på ein hektisk bytur. Med stoisk ro sit han der på fortauet, og er frontfigur for ein interiør-butikk med asiatiske møblar.  Og der spurde eg om lov først :-)

4. desember 2011

VÅR DAGLEGE VOTT - mitten calendar

Det er rart kor fort og lett små barneføter kjem seg oppover bratte trappetrinn desse morgonane. Kan det ha noko med adventskalenderen å gjere...?  Han manglar både glitter og glamour, men 24 velbrukte vottar og vantar på ei snor er visst meir enn spennande nok, så lenge dagens tal inneheld ein skjult skatt. 

Mi salige blanding av gamle selbuvottar frå loftet, mixa med eigne parlause eller mislukka (... og dermed tova) vantar, var meir enn nok til å oppfylle ideen om ei heil kalender-rekkje.

Fleire av selbuvottane er så gamle at eg ikkje veit kven som har laga eller brukt dei. Men på nr 14 heng i alle fall min barndoms blå skivott, og for moro skuld plasserte eg dei to rosa vantane eg hadde på dei mest "feminine" datoane frå primstaven: Nemleg Marias unnfangelse 8. desember og Lucia/Lussinatt 13. desember. 

Personlege minne kan også flettast inn i ein slik kalender: Har nokon bursdag til dømes, kan du spørje om å låne hans/hennar vott, og hengje på rett dato! Eg er i alle fall godt fornøgd, ikkje minst er årets ein god del vakrare enn Sparkebukse-kalenderen eg og nissen laga i fjor :-)

God adventssøndag! 


30. november 2011

VILLDYRA KJEM! - wild knitting

Desember kan bli bitande kald, og då er det best å ruste seg til tennene. Å halde eit foredrag om frysepunkt og Anders Celsius fungerer ikkje så godt på mine småtassar, så då vart mammas metode å lokke med villdyr i vinter-garderoben:
Ideen kom då minstemann med stor begeistring leika glefsande alligator med dei grøne strikkavottane sine (... som var det einaste varme han aksepterte.) Her var det berre å spinne vidare i full fart, og produsere villdyr-skjerf frå A til U: 

Herr Alligator og Herr Ulv fekk sine dyriske fjes påsydde med ungane hengande over skuldrane mine, så noko pertentleg prydsaum vart det ikkje. Men tråden er i alle fall lett å sprette opp og fjerne dersom villdyr-feberen skulle gå over. Då kan eg kanskje forvandle skjerfa til snill frosk og kosete moldvarp? Ein biolog vil nok uansett ha innvendingar mot mi uvitenskapelege tolking av artane...
oppskrift:
Smetteskjerf frå boka Strikk til Nøstebarn,
med mine villdyr-modifikasjonar :-)
In English: "Tuck-in", or "Bow-knot" scarf

alligator-skjerf:
garn: tynn alpakka, frå Du store alpakka
farge: nr 158 (31 gram brukt)
pinnar: 3 mm

ulve-skjerf:
garn: "Pure Thin Alpaca" frå Pickles
farge nr 2110 dobla med farge nr 2100 (72 gram brukt)
pinnar: nr 4

... pluss fjes brodert av restegarn i Du store alpakka og 2-tråds garn frå Askeladen/Nøstebarn


gammalrosa skjerf (laga i fjor):
garn: "Ingunn" frå Det mjuke (økologisk merinoull)
farge: Kochenille (35 gram brukt)
...som eg også har strikka vest av
pinnar: nr 3,5

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...