Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

22. mars 2011

PAKKE FRÅ AMERIKA - I've got mail!

Eg har gått og nynna på Solveigs Sang dei siste vekene, og det skulle jammen gå nesten både vinter og vår før denne etter-lengta pakken dukka opp - i dag!


For første gong har eg nemleg bestilt garn frå USA (... slik er det når ein surfar seg svolten på nettet...), men ventetida tok nesten to månader. Eg var i ferd med å forsone meg med at ein toll-inspektør no sat lukkeleg i lunsjpausen sin, stadig strikkande på mitt dyrebare garn. Men i dag vart altså godteposten likevel min! 


Planen er å teste ut desse to garntypane frå firmaet The Fibre Company, før eg eventuelt bestiller meir: Av "Organik" (økologisk merinoull, babyalpakka og silke) drøymer eg om å lage Kerrera for Kids-jakka av Gudrun Johnston, og av det litt tynnare garnet "Road to China Light" (babyalpakka, silke, kamel og kasjmir) lurer eg på Sabbatical-jakka av Connie Chang Chinchio til meg sjølv. Men først skal eg berre leggje dei herlege buntane i fruktskåla, og beundre synet - og vente, vente litt til...



19. mars 2011

HÅPET ER LYSEGRØNT... - hope in springtime



Å formulere noko fornuftig eller kvardagsleg er vanskeleg no, når folket i Japan - og også i Libya - er ramma av ufatteleg smerte. 
Eg kan berre seie eitt enkelt ord: Håp.

Her i min vesle, trygge kant av verda strikkar eg i alle fall på eit vårleg og optimistisk sjal, der lysegrøne striper lurer seg inn i den frostblå fargen. 


Garnet er plantefarga, og både bambus-rundpinnen og peike-fingeren min har fått eit blått skjær dei siste dagane. 


No er eg komen nesten halvvegs med den avsluttande lauvkanten, og eg satsar på å bli ferdig før vårjamndøgn (ikkje lenge til!), når natta og dagen er like lange over heile verda.




Vil du gje meg handa ved månens skin,
lauv du er –
Under open himmel. Over open avgrunn.

Som lauv
er du og eg.
Fort skjelvande,
og fort borte.
Kom –


"Innbying" av Tarjei Vesaas  (1897-1970)




7. mars 2011

SKAPT SÅNN - naturally coloured cotton

Plutseleg viste kalenderen mars, og dei uvante solstrålane førte meg rett inn i ruge- og grublefasen: For kva skal eg strikke med no...? Er det på tide å skifte frå varmande ull til vårleg bomull? Frå djupet i garnkorga henta eg fram naturens eige underverk, nemleg seks små buntar naturleg farga bomull, merka med passande namn som krem, avokado, skog og sjokolade: 
Ja, det er faktisk sant! Denne økologiske bomullen har ikkje éin einaste drope tilført farge: Natur-, grøn- og bruntonane (finst visst lilla-tonar også) kjem frå ulike pigment i bomullsplantene sjølve. Dei seks buntane har lege og fascinert meg i mange månader, men først i dag, inspirert av vårsola, nøsta eg dei opp, medan eg prøvde å klekkje ut ein suveren strikke-plan. 

Kanskje skal eg lage ein bomullsversjon av Sidelengs jakke i sirkel? Eller ein påskekosekanin eller kanskje Elefanten Elijah? (Garantert trygg å tyggje på for småttingar!) Eller kanskje fornuftige vaskeklutar? Eg blir glad for gode idear! 

PS: Dette bomullsgarnet heiter Pakucho (info på dansk), og er frå Peru. Både usprøyta, kunstgjødsel-fritt og Fairtrade! Eg har ein tynn type: 50 gram = 200 meter, pinne nr 2 1/2 - 3. Knitter's Review har ein svært positiv omtale av ein tjukkare versjon.

27. februar 2011

GRIP DAGEN - Fetching & Fair

Denne helga unte eg meg sjølv to fargesterke gåver: 


Pulsvarmarane "Fetching" strikka i alpakka frå Peru, og ein raus bukett Fairtrade-roser frå Kenya. 


Fetching er ei oppskrift som ligg heilt oppe i topp-sjiktet på nettsamfunnet Raverly
I skrivande stund finst det 17.491 registrerte prosjekt! Eg er altså ikkje original i dag (heller), men å vere i godt selskap er vel ikkje å forakte?


Eg valde eit heilt anna garn enn foreslått, og 100 prosent alpakka er nok ikkje typen som får flettemønster tydelegast fram, men takka vere denne klare raud-fargen (i retning kirsebær) fungerer det likevel fint, synest eg. 


Fetching er superraske å lage, og akkurat litt mindre enn eit 50-grams nøste går med. Perfekt! 


Dette er tredje gongen eg strikkar Fetching (dei to første para gav eg bort så fort at eg gløymde å ta foto), og før eg produserer endå fleire gir eg desse raude til meg sjølv for å teste dei ut:  For er dei også praktiske og robuste i bruk...? . I dag verna dei i alle fall den vintertørre huda godt mot tornete (og fortryllande) roser!


Seize the day - with a quick knit like these fingerless gloves, Fetching (free pattern), and Fairtrade flowers. 


oppskrift:
"Fetching" (fingerless gloves) frå knitty.com (gratis oppskrift)
(...men eg endra litt øvst, dvs strikka ei ekstra flette istadenfor picot-kant)
garn: Artesano "DK superfine alpaca" (100 m - 50 gr. Eg brukte totalt 45 gram)
farge: nr 1532 - "Chile"
pinnar: strømpepinnar 4 mm (og flettepinne)

20. februar 2011

OMATT OG OMATTATT - repairing, repairing

Med eitt sjukt barn - og eitt sprudlande friskt, men heimeverande barn, fordi alle dei tilsette i barnehagen var sjukmelde samtidig (!) - har den siste veka ikkje vore tida for dei store strikke-prosjekta. (Hm, når skal dén dagen kome, skal tru...?) Men inspirert av den framifrå Nøstebloggen, som no i februar har vøling som tema, har eg i alle fall bladd meg gjennom den velfylte reparasjons-korga mi, og fiksa og dekorert eit par-tre plagg. 


Sidan eg ikkje har symaskin i huset (men derimot eit aldri så lite hekle-kompleks), blir det til at eg tyr til strikking også når eg reparerer plagg. Ja, pluss litt sying for hand. Alt ved hjelp av restegarn. Først strikka eg eit BLÅTT KATTE-FJES for å skjule eit hol midt på magen på ein velbrukt silkeull-body:
Katte-fjes: Ideen henta eg frå dei blå katte-fjesa på skinntøflene. Men katten min fekk eit lurare smil :-) 
Det rosa hjartet og kne-lappane på buksa er frå tidlegare vøle-stunder. 


oppskrift på katte-fjes (mi eiga): 
Strikka runding først, dvs la opp 9 masker, strikka rundt i glattstrikk medan eg gradvis auka til 39 masker, felte så av. For å lage øyre tok eg opp 7 m langs kanten og felte gradvis til spiss. Repeterte for øyre nr 2. Tova så lappen lett ved å vaske og gni i vatn og ullsåpe, la han fuktig i spenn med knappenåler ( a la "blokking") over natta. Festa lappen på plagget med kastesting, sydde til slutt "ansiktstrekk" med tynn stoppeull (mørkeblått).

garn: Silkeull frå Askeladen/Nøstebarn, farge blå nr 359 (utgått?)
(valde silkeull fordi det er mjukt og sterkt, og fordi bodyen også er i silkeull)
pinnar: strømpepinnar nr 2 (for å få maskene tette)

oppskrift på det rosa strikka-hjartet (framme på buksa): 
fann eg på nettforumet Nybakt mamma, skrive av Marie: "Strikke hjerte?"

ROSA SOMMARFUGL: Bak på silkeull-buksa hadde eg frå før raskt snurpa saman eit hol ved hjelp av kvit stoppe-tråd (sidan eg ikkje hadde ein lyseblå farge som passa). No kamuflerte eg denne kvite "kokongen" ved å forvandle han til ein rosa sommarfugl, sydd med enkle sting. Det rosa garnet er restar frå Fantasi-fuglen eg laga i fjor. Eg splitta opp garnet opp for å få tynnare tråd. 
GRØNE KNE: Reparasjonen eg er funksjonelt mest fornøgd med er desse grøne knelappane. Eg har reparert fleire holete kne med slike lappar, men akkurat til denne grøne buksa/stillongsen laga eg to par lappar, eitt for innsida og eitt for utsida. Då vart lappane ekstra tjukke og gode, ja nesten som kne-beskyttarar. Elles har mine strikka lappar hatt lett for å bli for gjennomsiktige og "sprikete" (toving er sikkert ei god løysing, om lappane då ikkje blir for harde?). 


Den grøne ull-stillongsen er kjøpt utanlands hos ei verna bedrift (arbeidstrening) som syr miljøvennlege ullklede for både barn og vaksne. Og veldig kjekt og sympatisk: Eit par "sommarfugl-forma" buntar med stoppegarn i akkurat same farge som plagget følgjer alltid med:
Oppskrift, ovale (kne)lappar: "Olbogelappar" frå boka Strikk til Nøstebarn (s. 130) av Kathrine Gregersen. 










Garnet eg brukte: 2-tråds merinoull frå Askeladen/Nøstebarn i farge lys oliven, nr 335A -  strikka saman med det grøne stoppegarnet som altså følgde med ullbuksa.  



Vel, verken himmelstormande innovative eller spesielt vakre er desse raske reparasjonane mine, men eg må likevel seie: Hjartet rører seg med små sommarfugl-venger når eg ser og tenkjer over at såleis kan dei verdifulle yndlings-plagga våre brukast ei god stund til. 


Og no vart sanneleg reparasjons-korga tom, i alle fall for ullplagg. Herleg! 
Ooops.... Nei, så lenge var Eva i Paradis ... Her må visst stoppesakene fram igjen...

14. februar 2011

HJARTELEG HELSING - Valentine greeting

Vel, Valentin-feiringa er i grunnen noko overflatisk og kommersielt kliss, hausa opp av handelsstanden slik at endå fleire pengar kan flyte... Men likevel, eg seier gjerne ja takk til ein dag som hyllar kjærleiken, og sidan eg ikkje kan forme meg sjølv om til eit hjarte (slik som Barbapapa), laga eg i staden nokre eg-tenkjer-på-deg masker i raudt, som til slutt vart til ei hue. Vonlegvis vil ho varme både hjarte og øyre til mottakaren. 


Dette vart sanneleg eit sidelengs strikk igjen, med forkorta rader (short rows), som laga "bulken" i midten, og såleis forma hua. Garnet er ei luksuriøs sak som eg her har prøvd ut for første gong: Debbie Bliss "Andes", ein mix av babyalpakka og morbærsilke. Slett ikkje billeg, men mjukare enn det mjukaste hjarte. Altså mottakaren verdig :-)


Oppskifta eg fann er tenkt til skikkeleg tjukt garn (Eskimo) og pinne nr 8! Eg ville ikkje ha ei så "hengete" hue, men meir ei i alpe-hue-stil, så eg halverte både pinnenr og garnlengde, og dette funka fint. Eg vart likevel litt bekymra for at hua skulle bli altfor kort, så i staden for å snurpe saman toppen som oppskrifta sa, tok eg heller opp masker og strikka vidare, no i sirkel, medan eg felte gradvis. Hua seig i vask, så truleg var denne ekstra glattstrikk-"kalotten" unødvendig - hua ville nok ha vorte djup nok uansett. 


oppskrift: Drops lue (gratis oppskrift) (eg la opp 32 masker)
garn: Debbie Bliss "Andes" (65% babyalpakka, 35% morbærsilke)
100 m - 50 gr (eg brukte totalt 65 gram)
farge: ruby (nr 08)
pinnar: 4 mm (truleg betre med 3,5 mm)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...