- Eeh, sjokoladeegget ja... Du veit, mamma har hatt det så travelt i det siste, med jobb og sånt.
- Jobb? Det er vel ingen som jobbar i påska! Berre påske-haren, han som hoppar rundt med ei korg og legg frå seg sjokoladeegg overalt.
- Eeh, påskeharen ja... Eg trur livet til påskeharen heng i ein temmeleg tynn tråd i år...
- Ein tynn kvafornoke ???
- Ja ... hm... Mammaharen valde ein fin, men altfor tynn tråd då ho skulle strikke, så ho blir visst aldri ferdig med verken øyrer eller spretne labbar til hareguten sin. Og då klarer han ikkje å hoppe rundt og levere påskeegg. Men du! Har du høyrt om pinseharen? Han er veldig treig, men når han først kjem, har han med seg dobbelt så mykje godteri som påskeharen. Eg lovar!
Se der var en ny tradisjon født!
SvarSlettGleder meg til å se det ferdige resultatet.
Haha, sweet story! ;)
SvarSlettHe he he =)
SvarSlettPinsehare blir bra!
Mvh Siv