Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

1. januar 2013

VRIDDE NYTTÅRS-MASKER - New Year's knit with a twist

Eg tenner eit lys for det nyklekte året. Takk for det gamle! I dag festa eg også dei siste trådane på mine sjølvsnekra "Vridde vottar". 

Flette-feberen som kom på tampen av fjoråret følgjer meg nemleg enno, og no har eg også fått dilla på vridd rett! Vridde rettmasker kombinert med fletter lagar ein fin og tydeleg struktur - nesten som treskjæring, synest eg. 


Dette fiffige flette-mønsteret oppdaga eg først i gratis-oppskrifta "Liam's Loops Hat and Mittens", og laga ei raud julehue i alpakka til minstemann. Vottane som høyrde til settet var ikkje heilt etter min smak, difor laga eg min eigen vri, bokstaveleg talt - med dei fine "Staffvotter" av Mirrevirre som basis. 

I dag har eg skumma Raverly, og fann då fleire andre vottar som likna, men eg tek likevel "Vridde vottar" til hjartet som mine. Eg er allereie i gang med nye par, både for å prøve ut andre garntypar og for å forbetre detaljar, så kanskje kjem det ei ferdig oppskrift etter kvart ...

2012-nissen takkar for det gamle
- med nystrikka "Liam's Loops"-hue!


strikke-fakta:

"Vridde vottar" © 
av Frida/Silkesauen (Copyright)
garn: Artesano Aran,
(50 % alpakka, 50 % ull)
farge: Maple (naturleg farge)
pinnar: 4,5 mm
størrelse: dame
forbruk: 93 gram
garn: Pickles Pure Thin Alpaca,
dobla
farge: Tulipan
pinnar: 3,5 mm
størrelse: Small 
(passar til 3-åring pga tynnare garn)
forbruk: 53 gram








26. desember 2012

EI GOD JUL - a warm and merry Christmas

... ynskjer eg alle strikke-venner og herlege bloggarar
med hjelp av ein bunt "Debbie Bliss Andes" i fargen Ruby.
Foto av mine ferdige jule- og nyttårsmasker kjem litt seinare :-)

1. desember 2012

Å PYNTE TIL ADVENT - the colors of Advent


Allereie advents-helg! Men kvar vart pynten min frå i fjor av? Og kva er eigentleg den "rette" advents-fargen ...? Blålilla eller raudlilla? Og er det ein faktisk skilnad på lilla og fiolett??? Då eg googla desse orda i dag tidleg kom eit ras av motstridande meiningar - blanda med vitskapleg fargelære, og eg var for trøytt til å bli så mykje klokare.

Og kanskje er lilla/fiolett uansett litt "ut" som pynte-farge i heimen? Han er i alle fall ein særing som ikkje er så lett å kombinere med andre fargar enn kvitt og grått, eller kva seier du?  

Mi nedteljing til advent var i alle fall å strikke denne lilla vesten

Utgangspunktet var ein svært enkel, rillestrikka baby-vest som eg forma litt om, pluss at eg igjen henta fram ideen med ugle-striper frå vesten  "Små grå" (Owlets and moles)

Men akk, alle dei skinande perle-augene som eg hadde tenkt å sy på ... Tolmodet tok slutt allereie etter to par, men å ha noko til gode er alltid godt, ikkje sant?  




oppskrift, advents-vest:
av Susie Haumann, frå heftet "All you knit is love"
... med mine endringar (ugle-mønster og innsvinga erme-kantar)
garn: 
Nøstebarn silkeull, farge: lilla 
- dobla med Isager Alpaca 1, farge: nr. 013
total-vekt: 89 gram
pinnar: 3,5 mm
størrelse: ca 4 år 
(la opp 110 m, dvs størrelse 12-18 mnd 
i original-oppskrifta, som er med tynnare garn)
PS: Denne Arne&Carlos-inspirerte kula laga eg i fjor,
og døypte han "Snøkatt i adventsnatt"




24. november 2012

HUE, LUE, MÖSSA - three hats

Små hovud treng vern mot Kong Vinter. Men kvar vart huene frå i fjor av ...? Dei er visst alle for små! Dermed fekk eg ein grunn til å teste nye hue-oppskrifter. Her er resultatet!

Den blå hua med grøn bølgje-kant er "Små vågor", som eg oppdaga på den inspirerande bloggen til Maria Carlander. Enkel, men likevel så fin! Og mixen av to fargar gjer den glimrande til å få brukt opp restegarn.

Dei to andre huene, altså dei med flettekant, er "Lue med øreklaffer" av Marte Helgetun. På den brune i rein alpakka følgde eg oppskrifta nesten frå A til Å (bortsett frå at eg m.a. droppa snorer til øyreklaffane), men på den raude brukte eg forkorta rader (short rows), istadenfor å lukke toppen med holrad og snor. Desse to skal nok halde både vind og snø borte frå små, sarte øyrer!

I dag sjekka eg også ordboka, og lærte at "lue" kjem frå norrønt lúva, som betyr "tjukt og tett hår". Dermed passar det bra at alle dei tre nye huene eg har strikka inneheld alpakka:  Som nettopp er hår, og ikkje ull! 

Dagens tips (men ikkje sponsa): Hos Marte Helgetun kan du vinne strikkepinnar i tre for ein tusenlapp om du sender inn foto av noko du har strikka av hennar design før 30.november.


oppskrifter:
garn: "Road to China Light"
(babyalpakka, kasjmir, kamel og silke!)
i fargane Blue Tourmaline (blå/turkis) og Malachite (grøn)
total-vekt: 27 gram
størrelse: ca 3 år (eg la opp 81 m)
pinnar: 3 mm

frå boka "I all enkelhet"
garn, brun hue:
"Drops Alpaca", dobla i fargen 0607m (pluss ein rest 0168 til snora)
total-vekt: 49 gram
størrelse: 4 år (vart stor, passar også meg!)
pinnar: 4,5 mm
garn, raud hue:
"Semilla fino" i fargen 116 dobla med "Isager Alpaca 1") i fargen 21/25
total-vekt: 34 gram
størrelse: 4 år
pinnar: 3,5 mm 

22. november 2012

RETT I FLETTA - cable knit crush

Eg har tørka støv av flettepinnen min! Kvifor let eg han liggje så lenge ...? Flettestrikk er då kjempemoro! Og slett ikkje så innvikla som ein kanskje skulle tru.

Den rustraude, vesle saka her på fotoet er straks ferdig - og då kan eg avsløre kva det er. Men i bakgrunnen ser du fronten på ein genser eg strikka til meg sjølv for mange år sidan.

No i flette-feberen har eg rota i gamle papir, og faktisk funne fram til oppskrifta eg brukte (nede til venstre), kalla "Genser med Aran-mønster", i eit KK anno 1990. Der fann eg også ei stilig vinter-jakke/kåpe (nede til høgre), men sjølvsagt manglar siste del av oppskrifta. Typisk. Kanskje eg får kontakte KK direkte, eller kanskje kan du hjelpe meg vidare...? Men den stakkars reven rundt halsen seier eg nei takk til, altså! 

OPPDATERING: Ja! Systro med bloggen Systerstrikk melder at ho faktisk har denne oppskrifta, og vil gi meg ein kopi! Heldige meg!

18. november 2012

BITTELITA STJERNE - a tiny star





 As your bright and tiny spark,
Lights the traveller in the dark.
Though I know not what you are,
Twinkle, twinkle, little star.

        (voggesong av Jane Taylor, 1806)

No har eg mi eiga, vesle stjerne her på bordet. Og sanneleg, eg veit ikkje heilt kva ho er:

For denne hua vart så bittelita at ho nok passar betre til ei dokke enn til ein nyfødd. Eller kanskje eg heller skal bruke ho som nålepute på knappe-glaset mitt ...? 

Uansett blir eg mjuk i hjartet av dette fine stjerne-mønsteret, så eg skal nok gjere fleire forsøk for å finne den rette babyhue-størrelsen. I ein varm raudfarge kan dette bli ei herleg julestjerne-hue, ikkje sant?

oppskrift:
(... og dén hua vart for stor!)
garn:
silkeull frå Nøstebarn i fargen "lyng" (forbruk: berre 10 gram)
pinnar: 2,5 mm

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...