Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

22. november 2012

RETT I FLETTA - cable knit crush

Eg har tørka støv av flettepinnen min! Kvifor let eg han liggje så lenge ...? Flettestrikk er då kjempemoro! Og slett ikkje så innvikla som ein kanskje skulle tru.

Den rustraude, vesle saka her på fotoet er straks ferdig - og då kan eg avsløre kva det er. Men i bakgrunnen ser du fronten på ein genser eg strikka til meg sjølv for mange år sidan.

No i flette-feberen har eg rota i gamle papir, og faktisk funne fram til oppskrifta eg brukte (nede til venstre), kalla "Genser med Aran-mønster", i eit KK anno 1990. Der fann eg også ei stilig vinter-jakke/kåpe (nede til høgre), men sjølvsagt manglar siste del av oppskrifta. Typisk. Kanskje eg får kontakte KK direkte, eller kanskje kan du hjelpe meg vidare...? Men den stakkars reven rundt halsen seier eg nei takk til, altså! 

OPPDATERING: Ja! Systro med bloggen Systerstrikk melder at ho faktisk har denne oppskrifta, og vil gi meg ein kopi! Heldige meg!

9 kommentarer:

  1. Enig! Flettestrikk er fint, og mye enklere enn det ser ut som :-) Ser ut som du lager noe fint der?
    KK fra 1990 kan jeg dessevrre ikke hjelpe deg med... Lykke til!

    SvarSlett
  2. Nydelig flettestrikk du holder på med,
    gleder meg til å se hva det blir for noe fint.
    Garn og farge ser så fine ut!!
    Har dessverre ikke KK-mønsteret du mangler noe av...
    lykke til, KK kan kanskje finne det i sine arkiver :O)

    SvarSlett
  3. Så flotte fletter du strikker. Stramt og jevnt. Jeg liker flettestrikk, men jeg strikker ikke så pent som deg, jeg plages ofte med at vrangmaskene rett etter fletten blir for løse. Mønsteret kan jeg ikke hjelpe deg med, men kanskje du kunne klare å rekonstruere det selv?

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett
    2. (Eg prøver igjen etter feiling...)

      Svar til Fuglemamma: Takk for fin flette-ros, men eg veit sanneleg ikkje om eg er så god:-)
      Genseren vart mykje brukt ei tid, så den har nok blitt ofte vaska, og dermed også litt tova og "stram" etterkvart, også i flette-mønsteret. Men mi erfaring er i alle fall at eg passar på å ikkje bruke for tjukke pinnar. Garnet har også sitt å seie.

      PS: Det ser ut til at eg brukte garnet Karisma frå Garnstudio til genseren,
      dvs den gamle versjonen i 100 % ull, utan superwash.

      Slett
  4. Tru det eller ei, men eg har oppskrifta i mi oppskriftsperm!! Ære vere den som ikkje kaster for det kanskje kjem til nytte ein dag!! Eg kan forsøke å skanne den inn og sende deg på mail, om det ikkje vert god nok kvalitet kan eg ta ein kopi og sende deg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Svar til Systro: Fantastisk! Eg diggar blogg-verda, her melder hjelparane seg raskt!
      Eg takkar og bukkar om du sender kopi av oppskrifta til meg på frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com

      Eg har side 77 og 78, altså manglar eg vel berre side 79 av oppskrift Nr 5, altså "Kåpe med Aran-mønster"?

      Slett
  5. Hei e på leit etter oppskrift på Kåpe med Aran mønster ,den oppe til høyre .Har snakke med KK og Garnstudio ,uten at de kunne hjelpe.Så no håper æ på hjelp fra doker.Ka dere være snill å sende mæ den ?Aud Olsrbn,arntjordet 1,9020 Tromsdalen .På forhånd takk <3

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...