Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

13. juni 2012

DOBBEL COBBLE - another Cobblestone


Frå grønt til raudt! Når eg først var i farta med den lett-strikka Cobblestone-genseren var det vanskeleg å stoppe: Dermed ser dei to smågutane ut som eit levande trafikklys for tida:-)

Genseren er så enkel å sjå til at eg spør meg sjølv om dette kan kallast noko så avansert som design? Men thanks a lot anyway, Jared Flood!  

For å få den raude genseren litt større enn den grøne - utan å involvere innvikla matematikk - brukte eg akkurat same maske-tal, men let ein tynn alpakka-tråd følgje med ullgarnet, og la elles til nokre centimeter på lengda. Dette funka fint.

Neste gong får eg vel strikke éin til Onkel Blå, såleis blir primær-fargepaletten komplett! 

oppskrift, raud genser:
etter original-oppskrifta Cobblestone av Jared Flood (Raverly) 
størrelse: ca 4-5 år
pinnar: 3,5 mm
garn: Semilla fino (frå BC Garn) - dobla med Isager Alpaca 1 
fargar: 
Semilla fino: farge nr 116 (= raud, brukt 127 gram)
Isager Alpaca 1: farge nr 25/21 (= raud, brukt 56 gram) 
... og på bryststykket: farge nr 59 (= gul, brukt 13 gram)
totalvekt: 183 gram

PS: Er det nokon som har lyst på ein liten kopp grøne nuppar...? Dette er dagens fangst frå den grøne (og velbrukte) Cobblestone-genseren. Semilla fino-garnet er mjukt og godt, ja, men altså ikkje nuppe-fritt. Eg er spent på om den nye, raude versjonen oppfører seg annleis, med den tynne alpakka-tråden strikka inn.  


12. mai 2012

MANNFOLK-ARBEID - man made


Kor ofte står ein mann bak strikke-oppskrifta du brukar? Bortsett frå julekulene til Arne & Carlos trur eg sanneleg det finst fint lite av maskuline signaturar i mine eigne mapper. Farge-fantasten Kaffe Fassett har eg sjølvsagt lagt merke til, men til no berre beundra på avstand... 


Det vart ein amerikanar i New York som fekk meg våryr nok til å gi meg i kast med denne genseren: "Cobblestone" av Jared Flood (portrett-intervju). Namnet Cobblestone er visst inspirert av det rustikke gatemiljøet i Dublin (norsk: brustein), men med den saftige fargen eg valde, trur eg min versjon må døypast om til Mister Greengrass. 


Nokon synest kanskje at eg har "øydelagt" dei fine sirklane i bryststykket (the yoke) ved å velje raglan-felling, men eg synest faktisk dette gir eit finare snitt, i alle fall til den som enno ikkje har opparbeidd seg breie skuldrar. 
Til min vesle mann på snart tre somrar følgde eg tipsa til bloggen Månestråle for å lage ein barneversjon. Tusen takk, Månestråle!


Det økologiske garnet Semilla fino har eg her prøvd for første gong. Herleg mjukt og lett - og med eit fint, svakt melert skín. Men kvifor er dette så mykje mjukare enn merinoulla til f eks Nøstebarn lurer eg på...? Kanskje er ikkje garnet så robust i bruk då? 
Vel, kvalitets-testinga er i full gang: Med ploppestein-kasting, blomster-plukking, mamma-kosing og anna ekte mannfolk-arbeid.




oppskrift:
etter original-oppskrifta Cobblestone av Jared Flood (Raverly) 
størrelse: ca 3 år (pga tynnare garn enn Månestråle)
pinnar: 3 mm
garn: Semilla fino (frå BC Garn), 50 gram = 240 meter
farge: grøn nr 133
forbruk: ca 115 gram


8. april 2012

OPERASJON LAUVSPRETT - longing for leaves


Når kulden nektar å la knoppane breste, sjølv om kalenderen viser april, er det ikkje noko anna å gjere enn å lokke fram våren ved hjelp av strikkepinnar og godt garn. 


Eg starta min Operasjon Lauvsprett med å prøve ut "Just a Leaf"-snorene til Hinke i grønt (... kan vere fine å lage gåveband av?), og deretter friska eg opp den enkle jakke-oppskrifta "Stumpen" til Bente Geil ved å tilføye to gylne lauv nede på jakkeslaga.


Javisst, no kan våren kome!
oppskrift, jakke:
med lauv-ornamentet frå "Greenfield cardigan" av Melissa LaBarre 
(innlogging Raverly)
garn: Isager Højlandsgarn (brukt ca 90 gram)
farge: "maize" (altså mais)
størrelse: 2 år
pinnar: 3 mm (vurderer 2,5 neste gong)
knappar: perlemor med grøn-skjær

oppskrift, grøne lauv-snorer (gratis):
"Just a leaf" av Hinke (innlogging Raverly)
garn: restegarn
pinnar: 3 mm
Naturfoto av lauv øvst i innlegget: Jon Sullivan, pdphoto.org

11. mars 2012

SMÅTT OG GODT FRÅ DANMARK - danish delights

Ja, no har eg sanneleg strikka to vestar til ... Denne gongen dejligt, dansk design signert to ulike medlemmer av Isager-familien: Klassikaren Lille livstykke av mor Marianne Isager (oppe til høgre), og den ferske Lark av dotter Helga Isager (oppe til venstre og nedanfor). 


Etter å ha kaldsveitta meg gjennom alle dei ti episodane av krimserien Broen på NRK må eg seie at det har vore velsigna godt å finne ei fredeleg hamn igjen med mjukt garn og trygge, danske beskjedar som: "slå op på en lille rundpind", "strik den anden skulder magen til" og "luk nu jævnt av".
Helga Isager sjarmerte meg med den poetiske tittelen The Bird Collection, 
som er namnet på det nyaste heftet i strikke-serien hennar, Amimono. Alle plagga har også fått namn etter kvar sin fugl, og vesten Lark (lerke) er igrunnen ein moderne vri på mor Mariannes Lille livstykke: 

Begge har perlestrikk på berestykket framme, men Lark har freidig forskyvd knappe-stolpen til eine sida. Lille livstykke har tradisjonell og god ribb rundt livet, medan Lark krev meir tolmod og tid hos strikkaren ved å be om *tre vrange og ein vridd rett*. Kven likar du best, mora eller dottera...?

oppskrifter:
(gratisoppskrift frå shop.isagerstrik.dk)
garn: Drops Alpaca (50 gr - 167 m)
farge: nr 0618 "lys beige eco"(= naturleg, ufarga)
storleik: la opp 164 masker = ca 3 år
endring: strikka rundt istadenfor fram-og-tilbake
forbruk: 80 gram
pinnar: 3 mm
knapp: perlemor

"Lark" av Helga Isager (shop.amimono.dk)
frå heftet Amimono. The Bird Collection.
Kan visst også kjøpast som enkeltmønster i kit
garn: Isager Alpaca 2 (50% alpakka, 50% ull)
(originaloppskrifta derimot foreslår 
Isager Highland Wool dobla med Isager Alpaca 1)
farge: nr 19 (livet) og nr 24 (berestykket)
storleik: 3 år (vart litt liten til 2-åring)
forbruk: totalt 51 gram (32 gr av nr 19, 19 gr av nr 24)
pinnar: 3 mm
knappar: perlemor (... litt for store?)

14. februar 2012

VARME BØLGJER - warm waves

Etter at "Mor Signes babyteppe" hamna i 60 grader-vasken (med vilje...) og kom ut igjen i dokke-versjon, har vi ikkje hatt noko heimelaga teppe her i huset. Men framskunda av sprengkulda - og ikkje minst inspirert av det imponerande koseteppet på bloggen til Sommerfuglen, har eg no endeleg festa dei siste trådane på teppet til minstemann: Dermed vart det dagens Valentin-gåve. 



Planen med teppet er 
å bruke det i barnevogna når toåringen blir trøytt og kald, og fargane er valde ut for å også passe til litt skit og sølevatn, som gjerne følgjer med på ferda. 

Orginaloppskrifta kjem frå DROPS Design, men eg forenkla ved å bruke færre fargar, og å bryte opp bølgjemønsteret med lengre "kvileskjær" av einsfarga rillestrikk. Godt for strikkaren, og også godt for auget med slike rolege felt, synest eg. 
God og hjartevarm Valentin ynskjer eg alle!

oppskrift:
DROPS teppe med bølgemønster (gratis frå garnstudio.com)
men med færre fargar, og område med berre rillestrikk mellom bølgjene
garn (= ull dobla med alpakka):
mørkebrunt: Isager Højlandsgarn farge "truffle" dobla med Drops Alpaca eco nr 0607m
lyseblått: Isager Højlandsgarn farge "topaz" dobla med Isager Alpaca 2 farge nr 019
natur: Nøstebarn 2-tråds naturbrun dobla med Drops Alpaca eco nr 2020m
pinnar: 3,5 mm (4 mm eller meir hadde vore kjappare...)
totalvekt: 515 gram
storleik: ca 90 X 105 cm

8. februar 2012

VILL ETTER VEST - Wild about vests

Eg blir visst aldri lei av å lage vestar! Eg trur eg snart må innrømme at dette er i ferd med å bli ein aldri så liten lidenskap... Men tenk om alt hadde vore så enkelt og sjelevarmande som ein barnevest kan vere det ein frosen vinterdag. 


No har eg prøvd meg på to nye -  og dejlig danske - oppskrifter, begge henta gratis frå nettet.  Og kanskje det aller beste: begge er strikka på rund-pinne! Garnet har lege og modna sidan i haust, då eg sporenstreks skaffa meg to av dei nye fargene til Nøstebarn, nemleg moldvarp og akvamarin. Spesielt moldvarp-fargen er fascinerande: Er han grå? Er han beige? Eller har han eit skjær av rosa-lilla-raudt? Hm, eg trur litt av alt - rett og slett som ein moldvarp! 

Oppskrifta på den akvamarin-farga-vesten heiter Babys uldne undertrøye, og originalen foreslår fram og tilbake-strikk, men her rista eg laust og følgde rådet frå Monstermønster, og strikka rundt, og i tillegg laga eg knappestolpe slik som Synnøve i bloggen - with 100% love - . Hjarteleg takk til begge! Eg elskar å fyke rundt på strikkebloggar for å fylle inspirasjons-tanken min!  


Eg lurer forresten på om Ein gul knapp no strikkar babyteppe av akkurat den same akvamarin-fargen? Det er ikkje så lett å få fram korrekt nyanse på fotoa her, men det eg diggar med denne fargen er at han er så lite sukkersøt, altså langt frå klassisk babyblå. Kanskje meir i retning brevatn...? 



For temmeleg nøyaktig eitt år tilbake laga eg Ein liten vest-kavalkade  (januar 2011), og no kan eg altså føye to nye mønster til favoritt-lista mi. Kven blir den neste vesten? Kanskje du har eit drivande godt tips ..??? 

oppskrift, akvamarin-farga vest:
Babys uldne undertrøye (gratis frå familiejournal.dk)
garn: merinoull 2-tråds frå Nøstebarn
farge: "akvamarin" (= nr 61) 
storleik: 1 år (= passa til min to-åring)
forbruk: 41 gram
pinnar: 3 mm (2,5 mm truleg betre)
knappar: treknappar med bork


oppskrift, moldvarp-farga vest: 
Babyslipover (gratis frå femina.dk)
storleik: 0-1/4 år i masker, 2 år (pluss litt til) i cm
for å passe til 2-åring. Vart meir enn stor nok
garn:
silkeull frå Nøstebarn (merk: eg dobla garnet)
farge: "muldvarp" (= nr 15)
forbruk: 93 gram (altså med dobla garn)
pinnar: nr 3 og 3,5 mm
knappar: trekanta perlemorknappar
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...