*) |
Godt nytt strikke-år! Eg er imponert over års-kavalkadane som no ligg ute på mange bloggar! Sidan det er dagen derpå for meg, vel eg berre å vise fram fjorårets innspurt, nemleg denne vesle buketten av strikka roser.
"Roseraud"-vottane (oppe til høgre) rakk akkurat fram som julegåve til ei av systrene mine, medan "Snøkvit"-vottane (oppe til venstre) enno ligg og tørkar etter ein forsiktig nyttårs-vask. Eg har ein mottakar i sikte. Ei uventa januar-gåve må vel vere bra ...?
Det er kanskje barnsleg og egoistisk, men eg må innrømme at minst halve moroa med å strikke gåver er at eg då har ein grunn til å skaffe meg nytt og spennande garn som eg kan prøve ut!
"Roseraud"-vottane (oppe til høgre) rakk akkurat fram som julegåve til ei av systrene mine, medan "Snøkvit"-vottane (oppe til venstre) enno ligg og tørkar etter ein forsiktig nyttårs-vask. Eg har ein mottakar i sikte. Ei uventa januar-gåve må vel vere bra ...?
Det er kanskje barnsleg og egoistisk, men eg må innrømme at minst halve moroa med å strikke gåver er at eg då har ein grunn til å skaffe meg nytt og spennande garn som eg kan prøve ut!
"Snøkvit"-vottane er laga av 100 % finsk ull frå Riihivilla, i den nye, tynne garn-kvaliteten Velho. Velho er visstnok er ein slags trollmann på finsk, og han lokka meg altså inn i dei mørke skogane: Raudfargen i Velho kjem frå - hald deg fast - blodraud kanelslørsopp og knuste lus!
Eller kanskje eg skal strikke noko heilt anna ...? Eg er faktisk heilt blank og utan strikkety denne nyttårsdagen. Det einaste offisielle strikke-forsettet eg har for 2014 er å lage minst eitt eige mønster som eg kan dele med omverda. Kva med deg?
grunn-oppskrift, rosevottar:
av Solveig Larsson (heimesida hennar)
(kjøpt som enkelt-oppskrift, direkte frå Larsson)
annan mansjett,
anna mønster på handflata
og på tommelen
mine endringar:
anna mønster på handflata
og på tommelen
Roseraud-vottane
(= med raude roser):
(= med raude roser):
garn: Titus frå Baa ram eve
(70 % ull, 30 % alpakka)
fargar: Wesley Bob (juleraud) og White Rose
pinnar: 2,5 mm (betre med 2 mm?)
størrelse: dame
total-vekt: ca 45 gram
kjapp vurdering:
Ikkje det perfekte votte-garnet for meg. For "slapt i fisken", men fint, mjukt og edelt. Passar nok betre til lette sjal med holmønster o.l.
Snøkvit-vottane (= kvite roser):
størrelse: dame/ungdom (små)
total-vekt: 46 gram
pinnar: 2 mm (perfekt for meg)
kjapp vurdering: Ja! Dette garnet vil eg strikke fleire vottar av! Garnet er ujamt tvinna, men det ferdige plagget ser fint ut. Eg likar rein ull som dette. Neste gong prøver eg eit mønster med fleire masker, slik at vottane blir større.
kjapp vurdering: Ja! Dette garnet vil eg strikke fleire vottar av! Garnet er ujamt tvinna, men det ferdige plagget ser fint ut. Eg likar rein ull som dette. Neste gong prøver eg eit mønster med fleire masker, slik at vottane blir større.
*) måleriet i midten (øvst i innlegget)
er frå eventyret "Snow White and Rose Red",
illustrert av Jessie Wollcox Smith i boka A Child's Book of Stories (1911)
Så vakre votter! Heldige mottakere :)
SvarSlettVakre votter! Og alltid spennende med nytt garn. Jeg strikker i Hifa-for tiden, men har noe Mohairgarn fra Sjølingstad som venter på å bli et par votter også.
SvarSlettUtrolig flotte votter! Disse garnene har jeg ikke hørt om før. Veldig interessant og flott at du evaluerer bruken av dem - det er nyttig for oss andre :) Jeg fikk jo veldig lyst til å prøve disse garnene nå - noe som ikke er helt i samsvar med mitt nyttårsønske om å prøve å kjøpe mindre garn og bruke mer av lageret i heimen...
SvarSlettNydelige votter og heldige mottakere! Det finske naturfargede garnet har jeg siklet på tidligere, og nå fikk jeg i tillegg enda en garntype på "lyst til å prøve"-listen. Godt nytt år! :)
SvarSlettFine votter! Stilig å se hvor forskjellige de ble bare ved at fargene er motsatt:) Godt nytt strikkeår!
SvarSlettSå nydelige votter! Blir så imponert over alle de fine vottene du strikker!
SvarSlettMorsomt med nytt garn:-)
Så flotte votter!
SvarSlettGarnet ditt så spennende ut, men så er det jo alltid spennende med nye garnmerker synes jeg.
Du er så flink med votter og har vært en stor inspirasjonskilde for meg til å få mot til å starte vottestrikkking - takk!
Hjarteleg takk for fine ord, elle-melle! I dag svinga eg innom bloggen din, og kva anna såg eg enn dei nydeleg strikka "Gerdur"-vottane, også av Solveig Larsson! Inspirerande! Eg har lagt inn ein kommentar til deg der.
SlettIch habe eine Bitte: bitte ergänze in Deinem Blog oben rechts die Funktion "Übersetzer". Du findest sie als Gadget in Deinem Bloglayout. Das wäre eine große Hilfe. Danke. Liebe Grüße von Ate
SvarSlettI have a request: please complete in your blog right above the "translator". You can find it as a gadget in your blog layout. That would be a great help. Thank you. Greetings from Ate
SlettAn Ate, vielen Dank für Deinen Hinweis! Ist ja schön eine deutschsprachige Leserin zu haben! Jetzt habe ich den "Übersetzer"/"Translator" hinzugefügt. Hoffentlich kannst Du mein Blog jetzt besser verstehen, obwohl diese Automatik oft ganz skurrile Übersetzungen macht! Wenn Du Fragen hast, kannst Du mich auch gerne direkt via meine E-mail kontaktieren. Liebe Grüße von Frida
Fine votter!
SvarSlettSå utrolig mange fine votter du har strikket - fikk virkelig lyst til å strikke til minstemann- kanskje fuglevotter? Nydelig!
SvarSlett