Det som starta som ein april-spøk, er no blitt eit meir eller mindre seriøst turtips frå Turistforeningen. Eg noterer: "Skal du på fjellet i påsken? Husk å ta med grønn lue hvis du er singel, rød lue hvis du er opptatt og oransje eller gul lue hvis du kanskje er åpen for kontakt."
Ok! Eg har faktisk heile denne "relasjons"-paletten klar! Var det underbevisstheita som arbeidde for meg ...? For det er vel ingen som no trur meg når eg seier at eg rett og slett berre likar å lage einsfarga huer i struktur-strikk? Men heldigvis, fargane stemmer: 6-åringen er singel, ok - det blir grønt! Og 4-åringen er open for kontakt, ja! Det blir gult!
Uansett, vi skal ha bypåske i år, langt borte frå snøfnugg og skiløyper,
så eg veit ikkje om det same hue-språket gjeld her nede på flatmark?
Kva farge skal du ha på hua di i påska?
Eg trur eg skal strikke meg ei ny hue, og den skal vere blå!
Snakkande huer: Betyr dette (frå venstre) opptatt, søkjande og singel? Eller er det kanskje rett og slett skjult reklame for Kvikk Lunsj? Eller kanskje eit heimesnekra forsøk på trafikklys? |
fakta, grøn hue:
oppskrift: "Eppleby" av Rachel Coopey (Raverly)
garn: "Cheeky Merino Joy" frå firmaet Rosy Green Wool (økologisk)
farge: nr 054, Lucky Clover/Glücksklee (firkløver)
pinnar: nr 3
størrelse: tilpassa ein 6-åring,
dvs la opp 128 masker
(originalen er dame-str)
total-vekt: 44 gram
lagt til 18. april:
fakta, raud hue:
oppskrift: "Candle flame hue" av Maisha (dansk, gratis)
garn: Artesano 4ply alpaca (100 % alpakka)
farge: nr 1532, Chile
størrelse: dame (eg la opp 100 m til kanten, auka til 160 m før flamme-mønsteret)
pinnar: 2,5 mm (kant) og 3 mm (mønster)
total-vekt: 48 gram
fakta, gul hue:
oppskrift: "Liam's Loops Hat" av Annina Päivärinta (gratis, via Raverly)
garn: Pickles Thin Alpaca (lagt dobbelt)
farge: Gurkemeie
størrelse: dame/stort barn
(dvs 4 repetisjonar av flettemønsteret i høgda.
Eg har også strikka ei hue med berre 3 repetisjonar,
og det vart ei barnehue str ca 4 år.)
pinnar: 4 mm
total-vekt: 65 gram
lagt til 18. april:
fakta, raud hue:
oppskrift: "Candle flame hue" av Maisha (dansk, gratis)
garn: Artesano 4ply alpaca (100 % alpakka)
farge: nr 1532, Chile
størrelse: dame (eg la opp 100 m til kanten, auka til 160 m før flamme-mønsteret)
pinnar: 2,5 mm (kant) og 3 mm (mønster)
total-vekt: 48 gram
fakta, gul hue:
oppskrift: "Liam's Loops Hat" av Annina Päivärinta (gratis, via Raverly)
garn: Pickles Thin Alpaca (lagt dobbelt)
farge: Gurkemeie
størrelse: dame/stort barn
(dvs 4 repetisjonar av flettemønsteret i høgda.
Eg har også strikka ei hue med berre 3 repetisjonar,
og det vart ei barnehue str ca 4 år.)
pinnar: 4 mm
total-vekt: 65 gram
Så flotte luer! Hos meg blir det ingen lue i påsken, men ruging innendørs:)
SvarSlettTil Kirsti/Lykkeplagg: ruging i påska høyrest fint ut! Håpar at vårsola hjelper til med varme strålar! Eg har vore inne på bloggen din og beundra alt du har strikka og sydd til "reiret" allereie! Imponerande! God ruging og utklekking ynskjer eg deg!
SlettVirkelig nydelige luer, liker alle! Og herlige farger! Akkurat den grønne Cheeky Merino Joy-en har jeg også liggende. For et utrolig mykt og godt garn.
SvarSlettJeg satser forøvrig på at temperaturen holder seg på lue-er-ikke-nødvendig-nivå i påsken - som blir spaserturpåske, museumspåske, kafépåske. For ikke å si strikketøy, te og sjokolade i sofaen-påske.
Hehe, fikk også med meg det der ja:-) Fine luer da - og siden dere skal ha bypåske kan dere nok bruke fargene som dere vil.
SvarSlettGod påske!
Til Veronika og Guro: Hjarteleg takk begge to, og god strikkepåske, med eller utan hue!
SvarSlettSå flotte luer! Ble inspirert, jeg!
SvarSlettDet var kjempefine luer! God påske hos dere!
SvarSlettSkikkelig fine luer!
SvarSlett(Kanskje jeg må forte meg å strikke en grønn lue og se om det funker i byen også ...?)
Kan jeg forresten spørre hvor du har oppskriften til den røde fra? :)
SvarSlettTil Huldr: Takk for ros og spørsmål! No har eg oppdatert innlegget slik at også. info om den raude og den gule hua er med. Det er over eitt og to år sidan eg strikka desse to andre huene, men eg har visst ikkje skrive noko om dei her på bloggen.
SvarSlettSom du ser er oppskrifta til den raude "Candle Flame hue" gratis (og på dansk). Maisha har laga ei fin og grundig forklaring, som også viser korleis du lett kan tilpasse størrelsen etter kva garn du vil bruke!
Tusen takk, så snilt gjort! Og veldig fint mønster. Ble kjempeinspirert av luene dine og har lagt alt annet til side for å strikke meg en grønn, bladmønstret vårlue :)
SlettFnis! Flaks du har tilgjengelige luer i både grønt,( gult) og rødt! Jeg har oppdaget at det trengs luer i huset, men votter er visst morsomt å strikke for tiden, så hver gang jeg tror jeg skal begynne på ei lue, så er det visst votter som dukker opp.
SvarSlettHoho! men uansett hva luene signaliserer så var de veldig fine! :)
SvarSlettÅåå, de var fine! De må jeg huske på nå luesesongen starter! Tusen takk.
SvarSlettUtrolig fine! Liker veldig godt den grønne, og elsker grønt! Må nok bare bruke den i byen, og satse på at gutta i byen ikke kjenner til fargekodingen. :-) Er samboer, og har tenkt til å fortsette med det!
SvarSlett