Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

3. november 2012

FINE RUSK - small heartwarmers



Den poetiske strikkebloggen Rare rusk er ein av "påfylls-stasjonane" mine på nettet  - det er alltid ei sann glede å dvele der ei stund! 

Ho som står bak bloggen, Line, er også komen eit godt stykke vidare enn meg, ho publiserer nemleg eigne mønster! Og no har eg prøvd meg på to av vestane hennar, som har vårlege namn som "Spire" (til venstre) og "Lille gåsunge" (til høgre.) 

Eg starta på begge i god tid før sommarferien - altså før eg gjekk inn i den lange strikke-dvalen ... Men no har eg endeleg funne knappar, hekla kantar og festa trådar. Ferdig!

Oppskrifta "Lille gåsunge" (til høgre) følgde eg omtrent frå A til Å, i herleg og luftig alpakka-garn frå Pickles. 

"Spire" derimot flaug sin eigen, fantasifulle veg - og fekk ei totem-stripe med små ugler nedover brystet. Eg valde dessutan å berre bruke éin farge istadenfor tre, nemleg den spesielle moldvarp-fargen (vanskeleg å fange korrekt på foto!) i silkeull frå Nøstebarn.

Alle desse endringane gjorde at eg rota meg bort i skogen fleire gonger, og den som ser nøye etter vil nok oppdaga nokre (små) feilskjær og skjønnheitsfeil. Men vi får kalle det personleg preg...

Noko heilt anna som irriterer meg mykje meir er at eg ikkje har noko enkelt og godt fotobehandlings-program etter at picnik.com la ned før sommaren. 

Kva brukar de andre i bloggverda for å lage fine foto-montasjar, farge-korrigere og slikt? Eg blir glad for gode tips! Gjerne "rett frå nett". Eller så får eg vurdere å installere eit program. (PS: Eg brukar Mac.)



Vesten "Små grå" (Owlets and moles):
oppskrift:
ugle-mønsteret:
frå genseren "Owls" av Katie Davies
(...som eg laga i ein vertikal versjon)
garn: Nøstebarn silkeull
farge: "muldvarp" (mole)
(... og "lyng" og "lilla" til broderte ugle-auge)
forbruk: 59 gram (størrelse ca 3 år)
pinnar: 3 mm
knappar: perlemor frå lageret


Vesten "Vesle bølgje" (Waves and willows):

garn: Pickles Pure Thin Alpaca
farge: "sjøskum" (no utgått?)
forbruk: 68 gram (størrelse 3-4 år)
pinnar: 3,5 mm
knappar: kokos med farga glasur
No er det nok posering for i dag!

13 kommentarer:

  1. Enig i at Rare Rusk er ein kjempefin blogg. Eg syns din versjon av Spirevesten med uglene var kjempefin!

    SvarSlett
  2. Nydelig!! Jeg også blir veldig inspirert av Rare Rusk! Men blir i tillegg veldig inspirert av deg hver gang jeg titter innom! :)

    SvarSlett
  3. Nydelige rare rusk vester!
    Kjempefine farger og varianter her!
    Sjøskumfarga og muldvarpfarga er supre....
    Morsomt med uglene ;o)

    SvarSlett
  4. Så flotte vester, har også strikket lille gåsunge, tror nok jeg må ta fatt på den andre vesten også! Ikke så mye tid til strikking for tiden, er i usa på quiltefestival! Ha en fin søndag hos deg!

    SvarSlett
  5. Jeg ble også ganske fortvilet da Picnik forsvant, men så oppdaget jeg at det er flyttet over til Google+. Så nå redigerer jeg bildene mine der, og er kjempefornøyd. Det er akkurat samme som før, bare at man også har tilgang til det som tidligere var Premium. Man får også direkte tilgang på bildene man har lagret på Google+ kontoen fra bloggen, så det er kjempekjekt! Håper du finner ut av det :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hjarteleg takk for tipset, Sanna!

      No har eg prøvd meg på Google+, det fungerte fint! Kjekt med direkte overføring av foto til bloggen ja!
      Eg fekk ikkje så godt til farge-korrigering der som eg syntest eg gjorde hos Picnik,
      men eg får eksperimentere meir for å sjå.

      Slett
  6. Så fine vestene ble, likte veldig godt detaljen med uglene og at den var ensfarget :-)

    SvarSlett
  7. Pickles har nå endelig fått inn igjen sjøskum etter at de har vært tom leeenge!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for informasjonen, Anonymous! Det var godt nytt, for fargen er fin!
      Eg skal oppdatere bloggposten.

      Slett
  8. Så glad jeg blir - for noe av det mest spennende med å lage egne mønster er å se hvordan ulike strikkere setter sine egne personlige preg på plaggene selv om utgangspunktet er det samme. Dine ruskeversjoner er nydelige! Takk for fine ord!
    Jeg redigerer aldri bildene mine - jeg er for lat på det punktet, men jeg bruker Mosaic maker på bighugelabs.com til å lage mosaikker. Der fins det noen andre triks også, men jeg har aldri prøvd dem ...

    SvarSlett
  9. Eg takkar tilbake til deg, Line!

    Og mosaikk-tipset ditt vil eg gjerne prøve!
    Dei du lagar på bloggen din er så vakre, spesielt dei som kombinerer natur-detaljar og strikk!

    SvarSlett
  10. Ahh - sukk, selv om dette er en gammel post må jeg bare si at jeg blir så inspirert av deg! Jeg er inne i en vestdille selv nå, og du har jo strikket så mye fint. Jeg elsker å lese fine blogger! Ha en fin dag! :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...