Når ein ikkje får lokka ungane til å ete det grøne på tallerkenen, kan ein i alle fall kle dei opp i grønsaker! I mitt grøne oktober-prosjekt fall valet til slutt på dei saftige fargane Parsley (persille) og Snap Pea (sukkererter) i garnet Chickadee frå Quince & co, og her er resultatet: Ein skikkeleg kvardagsgenser som kan passe både i åker og eng, og ikkje minst på kjølege haustdagar som denne.
Takk Pinneguri, for at du deler dette sjølvlaga mønsteret - "Ikke helt ribba" med oss andre i Blogglandia! Her er det fleire finessar: Forlenga rygg nede, for å unngå glip når barnet strekkjer seg. Forhøya rygg oppe, for litt meir plass over skuldrane. Hol nede på kvar erm, som tomlane kan smettast inn i. Eg likte spesielt godt løysinga med forlenga rygg, og må smile kvar gong eg ser den vesle, varmande "stjerten" der nede.
Raglan-fellinga er heller ikkje vanleg: Her har Pinneguri lagt inn ei dekorativ flette i midten
(sjå nærfotoet til høgre). Undervegs i strikkinga
sukka eg frustrert og syntest at eg slett ikkje fekk dette fint til, men no etter vask ser det i grunnen bra ut.
Men eg, mi enkle sjel, har likevel fleire spørsmål i margen på oppskrifta
som eg gjerne vil sjekke med Pinneguri - før ein eventuell genser nr. 2.
Kanskje dén blir i flammande (jule)raudt...?
oppskrift:
garn: Chickadee (100% amerikansk ull) frå Quince & co
fargar: Parsley (hovudfarge) og Snap Pea (stripene)
(totalt 153 gram)
storleik: 2 år
pinnar: 3 mm (truleg betre med 3,5)
Kjempefin genser! Og nydelige grønnsaker :) Jeg digger sauen din også - tror jeg skal strikke meg en snart :)
SvarSlettSå flott genser! Har ikke lagt merke til at det er så mange smarte finesser på det mønsteret, så fint det var med fletteraglan!
SvarSlettNydelig genser i nydelige farger! Inspirerende! :)
SvarSlettNydelig!!!
SvarSlettHun blir glad for tilbakemeldinger, så det er bare å gi et lite vink til Pinneguri om du har spørsmål du brenner inne med.
SvarSlettGrønt er skjønt!
Utrolig flott! :) Likte fletta spesielt godt!
SvarSlettHerlig genser!
SvarSlettFine votter i forrige innlegg! God ide med adventskalender!
Great article, Thanks for your great information, the content is quiet interesting. I will be waiting for your next post.
SvarSlett