Det er så godt når folk deler! Plutseleg har eg fått ein haug med stilige sauer i huset, takka vere Donna Smith på Shetland.
Gratis-mønsteret hennar, "Baa-ble hat" (for Shetland Wool Week) har poppa opp i ulike variantar på nettet dei siste vekene, og sjølvsagt måtte eg og Silkesauen også vere med på dansen:
"Sauer på vårbeite" og "Sauer i solnedgang" vart resultatet, og eg har allereie planar om éi hue til. Toppen på den raude vart nemleg litt for mykje jordbær, og litt for lite solnedgang etter min smak ...
Eg har aldri vore på Shetland, men no kjenner eg at eg har kome eit lite hopp nærare. Kanskje skal eg lage eit Baa-ble-skjerf også ...?
Fleire detaljar om huene finn du på Raverly-sida mi.
Dei søte 25 grams nøsta i shetlandsk saueull er perfekte til slike små prosjekt
(... pluss at eg sneik inn litt Finull frå Rauma i sjølve sauemønsteret).
Desember: Strikk #julevotten2023
-
No er vi i gang med Julevotten 2023 (lenke til oppskrifta på Raverly)
designa av Vottelaug-medlem Torirot. Inntekta frå førehandssalet vart 1.
desembe...
for 11 måneder siden