Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:
-
April: Dropp toppen på votten!
-
Dette er ingen aprilspøk! No når vi går mot varmare tider, synest vi det
blir ei passande månadsutfordring å droppe toppen på votten:
Dermed ynskjer vi...
for én dag siden
Adventslyset vårt er allereie nådd meir enn halvvegs, medan eg sjølv har ei laaang liste med uferdige prosjekt før jul ... Dei tynne bambuspinnane er utslitne og skeive - men eit svensk mønster og herleg garn lokkar meg vidare.
Skal tru om dette kan trylle seg om til ei julegåve i tide? Viss ikkje, er det freistande å bruke det fine rose-diagrammet som julekort! For det er tanken som tél, er det ikkje ...?
Vel, eg (og du?) får håpe på ekstra hjelp frå Lucia og andre gode krefter no i desember. Ikkje berre til strikking, men til lysare tider for alle i stall og stove. Og kven var Lucia eigentleg ...? Bloggaren Anne på landet (As Almanakk) skriv fint om dette i dag!